Dette seier gardbrukar Knut Hustad i Bondalen, etter å ha lese eit budsjettoppslag i Sunnmørsposten torsdag. Der går søskenparet Gunvor og Tore Ulstein ut og ber staten om å kjøpe eigne båtar berre ved norske verft.

– I praksis er dette eit prisvern, der industrien skal sleppe å konkurrere på den globale marknaden, hevdar Hustad.

– Men eg registrerer at den same industrien er mildt sagt lunkne når det er jordbruksforhandlingar kvar vår, og bøndene kjempar med ryggen mot veggen for å halde oppe eit visst tollvern og anna skjerming mot import av internasjonale matvarer.

– Det er aldri mogleg å konkurrere på pris mot utanlandske matvarer, det veit vi. Dermed handlar det meir om vi skal ha norsk matproduksjon eller ikkje, seier Hustad.

Arbeidsplass

Han viser til at både Eiksundtunnelen og andre kommunikasjonar gjer at det no har vorte mykje meir reising og utveksling av lokalkunnskap.

– Dermed veit også vi frå indre no straks meir om kva som går føre seg i den suksessrike industrien i ytre.

– Eg vil likevel hevde at ein arbeidsplass i landbruket, lat oss seie på Vartdal, er like viktig og har like store ringverknader som ein arbeidsplass i industrien i ytre, påpeikar Hustad.

Statisk

Han viser til at NHO-sjef Torill Ytreberg fleire gonger har stått fram med ei haldning som ikkje syner forståing for bøndene sine skjermingsargument.

Oppfattar Hustad deg rett, Ytreberg?

– Til Hustad sine påstandar er å seie at vilkåra for landbruket, kontra situasjonen i industrien faktisk ikkje kan samanliknast.

– Forholda i landbruket er meir statiske, og fordrar dermed ein heilt annan type politikk.

– Situasjonen i industrien er derimot akutt akkurat no, og handlar om tiltak som skal berge både kompetanse og arbeidskraft over kneiken, seier Ytreberg.

Ho meiner dette er fullt mogleg med å gjere nokre legale grep frå staten, grep ho hevdar mange konkurrerande nasjonar har gjort for lenge sidan.

– Staten må uansett ha nye skip, og dei bør byggjast no.

<strong>NHO-toppen:</strong> Torill Ytreberg meiner situasjonen i skipsindustrien er akutt, og at han dermed ikkje kan samanliknast med vilkåra i landbruket.Arkivfoto: Knut Arne Aarset