Ifølgje Vikebladet held Anders Riise (H) fram som ordførar i Hareid, og Kristian Fuglseth blir varaordførar.

Avisa skriv at kabalen vart lagt i natt, og ifølgje avtalen skal samarbeidet sikre skulane. Ifølgje Høgre-politikaren er avtalen basert på eit valteknisk samarbeid.

– Eg er både letta og glad. Og eg gler meg til ein ny periode som ordførar i Hareid, seier Riise til Vikebladet.

Det har vore harde diskusjonar i Hareid, og koalisjonen mellom Folkelista, KrF, Arbeiderpartiet og Venstre braut nyleg saman.

Hareid kommunestyre har konstituerande møte 15. oktober.