Fredag kom meldinga om at Anders Riise (H) held fram i fire nye år som ordførar i Hareid etter eit nytt samarbeid mellom Høgre, Folkelista og Framstegspartiet.

Kristian Fuglseth (Folkelista) som skulle bli ordførar, blir no varaordførar.

Krangla om pengar

Venstre kravde ei dobling av løna som varaordførar, og ifølgje Folkelista var det årsaka til at den førre koalisjonen velta.

Fuglseth seier at ting var i ferd med å skli ut i samarbeidet med Venstre, KrF og Ap.

– Vi kunne ikkje ta denne saka på bakrommet. Løn til varaordføraren var for Folkelista ei klar sak for kommunestyret, seier Fuglseth.

– Ukultur

Smp.no har dokumentasjon på at Venstre ville at løna skulle doblast frå 0,9 G til 1,8 G, eller frå om lag 80.000 til 160.000 kroner.

– Slike hestehandlar som det her er snakk om høyrer ikkje heime nokon plass. No har vi stoppa ein ukultur i politikken i Hareid. Dette har vore ein praksis i mange år, meiner Fuglseth.

Kjetil Nesset og Dag Audun Eliassen var med i forhandlingane for Folkelista.

– Alle detaljar var på plass. Vi hadde til og med gitt dei representasjon i formannskap og andre utval som dei no må dele på, seier Eliassen.

– Uaktuelt

– For oss var det ikkje aktuelt å doble løna til varaordføraren. Det er ikkje enorme summar, men vi kunne ikkje akseptere at toppleiinga skulle auke honorara sine i ei tid der ein har kutta ned på alle punkt, seier Eliassen.

Arbeidarpartiet fekk 13,8 prosent av stemmene, og var større enn Venstre. Ap gjekk likevel med på at Venstre skulle få varaordføraren.

– Siste kveld i forhandlingane kom det eit redusert krav frå Venstre. I det låg det at løna til varaordføraren skulle bli på 120.000 kroner medan Arbeidarpartiet skulle få styrevervet i Tussa verdt 80.000 kroner, og det vart snakk om vervet i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk verdt 30.000 kroner, meiner Eliassen.

– Det vart ikkje aktuelt for oss det heller, seier han.

Venstre

Annika Brandal i Venstre seier det ikkje berre var ei dobling av godtgjersle til varaordførar som var aktuelt.

– Reglementet gir rom for at varaordførar skal ha dobbelt så mykje i godtgjersle som i dag. Då er det rom for at varaordførar skal få drive meir politisk arbeid i Hareid enn det som blir gjort med dagens nivå. Varaordførar reduserte si godtgjersle for tre år sidan på eige initiativ. Vi ønska å ha det slik som det var for fire år sidan, og på linje med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre, seier Venstre-politikaren.

Det var Dag Audun Eliassen som gjekk ned på løna som varaordførar i førre periode.

– Vi prøvde å imøtekome dette med varaordførar på halvvegen, men årsaka til brotet var samansett, seier Brandal i Venstre, og legg til:

– Det som gjorde det vanskleg for oss var når Folkelista ville redusere våre varaplassar i formannskap og utval, også dei som vi sjølve hadde utan støtte frå Folkelista, og redusert tid som varaordførar.

– Var siste framlegg frå Venstre, Ap og KrF at løna skulle vere 120.000 og Ap skulle få styreverv i mellom anna Tussa?

– Det var ikkje snakk om Tussa i dei siste forhandlingane. Vi prøvde å imøtekome med redusert tid til varaordførar på 15 prosent for å møtes på halvvegen med Folkelista. Dette for å få lande forhandlingane.

– Det var ikkje pengar det stod på?

– Det viktigaste for oss var å få politisk innflytelse for våre sju representantar.

Ifølgje Brandal skal ein som varaordførar ta del i kommunale møter, utval og vere vikar når ordføraren ikkje kan møte. Dette skjer også på dagtid. Varaordførar får ikkje møtegodtgjersle eller refusjon for tapt arbeidsforteneste for å utføre kommunale ombod.

Venstre-politikaren stadfestar at det var ein skriftleg avtale rundt at alle skulle vere representert i formannskap og utval, men ikkje avklaring rundt kven som skulle sitte kor.

Ville ha verv

Stian Runne Brandal er gruppeleiar og var forhandlingsleiar i Ap. Han stadfestar at Venstre, KrF og Ap prøvde å møte Folkelista på halvvegen.

– Vi hadde eit utkast til vidare arbeid og ein føresetnad for å gå vidare. Det som går på styreverv var berre eit ønske, men ikkje lagt fram, seier Stian Runne Brandal.

– Kor skar det seg?

– På fleire plan. Det dei nemner som årsaka var siste gongen det skar seg, men vi hadde ulike oppfatningar under forhandlingane. Det førte til problem i kommunikasjonen på fleire punkt enn berre det med løna til varaordføraren.