Fiskaren fortel til NRK Møre og Romsdal korleis han opplevde den dramatiske hendinga på Storfjorden måndag.

Sætre seier han la merke til at det kom røyk frå seglbåten, og fekk inn fiskeutstyret - før han sette kursen mot båten som stod å brann. I løpet av dei få minutta han brukte på veg bort, tok brannen seg kraftig opp.

Les også: Seilbåt i brann i Storfjorden

Sætre  fortel at han opplevde situasjonen dramatisk, og frykte for korleis det gjekk med folk om bord.

– Det var store flammar, og eg frykta det verste. Eg såg ikkje folk med det same. Men brått såg eg han framme. Han hadde med seg ein livbåt som han heldt på med, seier Sætre til NRK.

Etter at han fekk livbåten til havaristen på slep, gjekk dei inn mot Vegsundet i Sula.