Sunnmøre politidistrikt har framleis ikkje fått eit klart svar på kven som stod bak to overgrepssaker mot eldre kvinner i Sula kommune i juli og august.

Ei eldre kvinne vart valdteken i heimen sin i Mauseidvåg. Om lag ein månad seinare vart ei annan eldre kvinne utsatt for overfall, og eit forsøk på valdtekt, ifølgje politiet. Dei to hendingane skjedde ikkje langt frå kvarandre.

Politiinspektør Elin Drønnen seier til smp.no at det ikkje er mistenkte i sakene. Det er samla inn over 600 frivillige DNA-prøver. Desse prøvene kan ikkje brukast i andre saker.

– I tillegg har vi henta inn teledata som vi brukar som eit ledd i den taktiske etterforskinga, seier Drønnen.

Ho meiner etterforskinga er omfattende, og seier at puslespelet er tidkrevende.

– Dette kan ta tid, men det veit vi ikkje noko om. Vi jobbar fortløpande med det vi har. No har DNA-prosjektet fullt fokus.

Folk kjem stadig inn med nye tips, og politiinspektøren trur at folk i Sula kommune kan sitte inne med viktig informasjon.

– Det kjem framleis inn tips som folk kanskje ikkje har oppfatta som viktig. For oss kan slike tips vere ein avgjerande brikke i det puslespelet vi skal legge saman, påpeiker Drønnen.

Ho har på langt nær gitt opp finne den eller dei som står bak.

– Nei, vi jobbar systematisk med sakene.

Politiet har etterlyst ein mann på om lag 175-180 cm med lysgrå hettegenser eller jakke og ei svart joggebukse. I tillegg har politiet bedt om tips rundt ein gammal rød varebil og ein person observert på ei trapp.

Det har ikkje kome inn tips som har ført til avklaringar rundt dette.