Ved Hareid sjukeheim feira dei onsdag med jordbær og sjampanje for å markere nyopning av ein meir triveleg vinterhage. Den nye storstova er eit resultat av julegåva som dei tilsette på Ekornes Hareid gav til sjukeheimen før jul i fjor.

- Dette er eit tiltak som mange vil ha glede av, seier einingsleiar Monica Skeide ved Hareid sjukeheim.

Verdiauke

Julegåva på 100.000 kroner er blitt brukt på trivselstiltak for dei eldre. Sidan det blei bestemt å satse på oppgradering av vinterhagen, kunne Ekornes bidra med ein heil del meir enn kroner. Berit Steffenssen, som har ansvar for utstilling i Ekornes rundt om i verda, stadfestar at verdien på gåva no er komen opp i 400.000 kroner.

- I tillegg kjem arbeidstida som fleire tilsette på Ekornes har brukt, seier Steffenssen.

Til saman åtte sofaer og 10 Stressless-stolar er kome på plass i vinterhagen og på dagsenteret. Møblane er heva med fem-seks centimeter, slik at dei skal vere betre tilpassa eldre.

Solskjerming

Sofaene er laga på Ekornes sin fabrikk på Hareid. Dei ser heilt nye ut, men har vore brukt i utstilling.

- Vi skal også hjelpe til å sy solskjerming. Vi har bestilt 140 meter med stoff, fortel Anne Mari Smoge i Ekornes, som sjølv har brukt fleire arbeidsdagar på prosjektet ved sjukeheimen.

Fornøgde brukarar

Og brukarane sette tydeleg pris på oppgraderinga:

- Dette er ei heilt utruleg gåve. Det har no vel ikkje hendt i historia at ei bedrift har ytt ei så stor gåve, seier Jon Jakobsen (83) fornøgd.

Han bur i leilegheit på Hardartun, og likar seg godt. Og han har lenge etterlyst meir bruk av vinterhagen. Med dei nye møblane og oppgraderinga elles, håpar han stova blir meir brukt.

Oppmodar til bruk

Oddrun Fjørtoft, ei av dei som har vore med på å gi julegåva, er også godt nøgd med resultatet:

- Ein har fått mykje ut av pengane, så no er det berre om å gjere at dei brukar rommet, seier ho.

Kommunalsjef Berit Aasen i Hareid er einig:

- No er det viktig å oppmode alle om å bruke stova, seier Aasen.

Tiltak mot einsemd

I tillegg til dei som bur på sjukeheimen, vil den nye daglegstova også kunne brukast av dei som bur i dei 35 omsorgsbustadene som er knytt til heimen. I tillegg bur mange eldre i leilegheiter like ved.

- Dei har mangla ein møteplass, og det er stadig meir behov for ein slik plass. Einsemd er ei utfordring, og at vi no har fått ein sosial treffstad her, er eit tiltak for å bøte på det, seier Monica Skeide.