Det var i forbindelse med arrangementet Fosnavåg Rock i juni i år at skjenkekontrollørane skal ha observert mange tilfelle av brot på alkohollova. Thon Hotell Fosnavåg stod for skjenkinga under arrangementet.

Advarsel

Formannskapet i Herøy hadde tysdag møte, og konklusjonen er at hotellet ikkje mister skjenkeløyvet.

– Det er riktig, vi hadde eit einstemmig Herøy formannskap som såg vekk frå absolutt alt som hadde med innstillinga til administrasjonen å gjere, seier hotelldirektør Gunther Dahler til smp.no.

Innstillinga var at skjenkeløyvet skulle inndragast i fire veker, basert på 11 prikkar i kommunens alkoholreguleringssystem.

Ifølgje Dahler får Thon Hotell Fosnavåg ein advarsel. Det blir ikkje snakk om noko inndraging.

– Det er tatt høgde for både argumentasjonen og dokumentasjonen vår, seier direktøren.

To forskjellige syn

Ifølgje Dahler var ikkje situasjonen så alvorleg som skjenkekontrollørane meinte.

– Etter mi meining var det to vidt forskjellige syn. Det var antyda fire vekers inndraging. Det er noko av den sterkaste reaksjonen ein kan gjere i vår næring, fortel Dahler.

Han meiner formannskapet har sett saka i samanheng med at arrangementet var utanfor sjølve hotellet, i Fosnavåg sentrum. Samstundes får hotellet advarsel fordi det var dei som har hatt ansvar for servering og skjenking.

Artikkelen blir oppdatert