Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kome fram til at ein lege har hatt urettmessig innsyn i journalar til tre pasientar utan fagleg grunn.

Politisak

Ein av pasientane i tilsynssaka melde legen til politiet for «skremmande/plagsam/omsynslaus åtferd», og fastlegen har vedteke førelegg og bot for sin skremmande åtferd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil likevel at Statens helsetilsyn skal vurdere om det er grunnlag for ein administrativ reaksjon i tillegg. Legen står difor i fare for å miste autorisasjonen sin.

Både politiet og legen har hatt ein gjennomgang av loggen på det aktuelle legekontoret. IT-folk har sett i verk tiltak for å hindre tilgang, men journalsnokinga skal ha gått føre seg både i Helse Førde og på fastlegekontoret.

Keisemd

I helseføretaket meiner legen det var søkt informasjon grunna fagleg nysgjerrigheit, utan løyve. I eit anna høve var det for å søke opp eit telefonnummer. Og for ein annan var det for å sjekke opp korleis oppfølginga skjedde.

– Legen fortel at året var prega av manglande arbeidsoppgåver, og at ho opna journalane grunna keisemd og fagleg nysgjerrigheit, står det i saksdokumenta.

Sende anonyme brev

I saksdokumenta til politiet kjem det fram at legen vart meld for «skremmande/plagsam/omsynslaus åtferd» i år. Det skal der vere snakk om krenkande og trakasserande brev og meldingar som pårørande, naboar, kollegaer og arbeidsgivar hadde fått i ein periode på 17 månader.

– Legen har erkjent å ha sendt anonyme brev til (sensurert, journ. anm.), men nektar for dei andre breva. Ho erkjenner ikkje bruk av falske Facebook-profilar eller SMS.

Fastlegen innrømmer berre eit fåtal av breva som pasienten og pårørande har teke i mot. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner at legen har trakassert pasienten, familien og fleire andre i nærmiljøet.

Saka er ferdig hjå politiet, og legen har vedteke førelegg etter brot på helsepersonellova for å ha ulovleg tileigna seg opplysningar frå journalar, og brot på straffelova.

Grov sjikane

Fylkesmannen meiner fastlegen har brukt sin posisjon både i kommune og helseføretak ved tilgang til journalsystem for å tileigne seg opplysningar som ho sidan brukte til å utføre grov sjikane, der teiepliktige opplysningar vart nytta.

– Hennar sjikane av (sensurert) og både nære og fjerne pårørande er ikkje i tråd med det vi forventar av helsepersonell, skriv Fylkesmannen.

Fagdirektøren i Helse Førde har stadfesta at legen har hatt urettmessig innsyn i pasientjournal i helseføretaket.

Beklagar

Sunnmørsposten har fått tilgang til legen sitt syn på saka. Ho meiner Fylkesmannen framstiller saka feil. Legen erkjenner brot på helsepersonellova §21a, altså urettmessig tileigning av teiepliktige opplysningar.

Legen legg seg flat, og skriv:

– Eg utviste dårleg dømmekraft i denne situasjonen, og lét (sensurert) påverke meg og min yrkesutøving. Dette beklagar eg djupt. Eg vil understreke at eg melde meg sjølv til fylkeslegen, både per telefon og skriftleg, og eg har sørga for sperring av journalar.

Ho innrømmer å ha opptredd uetisk og uprofesjonelt. Legen hevdar at ho aldri har gjort noko liknande, og har teke lærdom av saka. Legen skriv mellom anna at ein av pasientane gav ho tilgang til journalen for å sjekke administrative opplysningar. Alle dei tre pasientane er avhøyrt av politiet.

Legen meiner samstundes at ho ikkje har brote teieplikta, og delt informasjon vidare. Det har heller ikkje vore noko lege-pasient forhold, men snakk om situasjonar i legevakt/akutt hjelp.

– For det tredje meiner eg at eg ikkje har gjort ulovlege oppslag i journalen til (sensurert). Det har vore grunngitt i helsehjelp, og har hatt tenestleg grunn. Eg har hatt fleire oppslag i journal på grunn av førespurnader frå poliklinikk og ambulant team. Det var i periodar svært dårleg legedekning, og eg tok kollegialt ansvar for å følgje opp usignerte prøvesvar, førespurnader frå poliklinikk osv.

Legen innrømmer å ha brukt journaltilgangen sin til innsyn både på fastlegekontoret og i helseføretaket, utan at ho hadde behandlingsansvar for pasientane. Ho uttaler i politiavhøyr at nokre av innsyna var lovmessig etter avtale.