Politiet stadfestar at ein brann i eit bustadhus i Ulstein i natt var påsett.

Kommunal bustad

Huset er ein kommunal bustad der det budde to familiar med utanlandsk bakgrunn. For tre veker sidan var det branntilløp i naboseksjonen, i same hus.

Ikkje same gjerningsmann

Dermed utelukkar politiet at det er samme gjerningsmann denne gongen.

– Er det grunn til å tru at eldspåsetjinga i natt har samanheng med at det bur innvandrarar der?

– Vi har ingen haldepunkt for det. Politiet etterforskar breidt. Vi har hatt rundspørring i nabolaget, og er i gang med avhøyr. Vi er også svært interessert i tips frå publikum, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til smp.no.

Brannen vart medt litt etter klokka 0300 i natt. Hjelle fortel at det førebels ikkje er nokon som er mistenkt for brannstiftinga.

Undersøkingar

– Krimteknikar Kurt Kim Stige er alt framme i Ulstein, og det vil bli gjort både taktiske og tekniske undersøkingar, fortalde Tor André Gram Franck ved operasjonssentralen, til Smp.no tidlegare søndag.

Les også: 12 personar evakuert i bustadbrann

Blir følgt opp av kriseteamet

Ifølgje politiet kom ingen til skade som følgje av bustadbrannen, men alle dei 12 som var i huset vart evakuert og innkvartert på hotell.

– Dei 12 er seks vaksne og seks barn eller unge under 18 år, og alle dei 12 er utanlandske statsborgarar. Dei blir følgt opp av kriseteamet i Ulstein, som er varsla og inne i saka, seier Franck.

– I løpet av søndag startar politiet også med avhøyr, held han fram.

Tomannsbustaden fekk store skadar under brannen, som var meldt klokka 03.17. Huset er næraste nabo til Høddvoll.

Krimteknikar Kurt Kim Stige frå Ålesund (t.v.) kom søndag føremiddag til branntomta i Ulstein. Politiet seier dei så langt ikkje har indikasjonar på kva som er årsaka til brannen. Foto: OLAV SINDRE RISE
Huset i morgontimane, søndag. Skadane er store. Foto: Olav Sindre Rise
Den første meldinga om brannen kom klokka 03.17. Kort tid etter sto huset i full fyr. Foto: SMP-TIPSER