Er det Torghatten eller Havila som skal få kjøpe aksjar i Fjord1 dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune legg aksjar ut for sal?

Torsdag innstilte fylkesrådmann Tore Eriksen på Torghatten fordi dei kom med det beste tilbodet. Men Eriksen prøver også å omgå forkjøpsretten til det Sævik-kontrollerte selskapet Havilafjord.

Fredag føremiddag var Per Sævik tilgjengeleg for ein kommentar.

– Krumspring frå fylkesrådmannen

– Vi kjem til å kjempe for våre rettigheiter, det er det ingen tvil om. Eg ser ikkje bort frå at dette blir ein langvarig prosess i rettsapparatet, kanskje to-tre år, seier Per Sævik, som er villeg å ta saka til Høgsterett om nødvendig.

På spørsmål om han har ein eller fleire juristar på saka, seier Sævik at dei har fleire.

– At fylkesrådmannen innstiller på det beste bodet, det har vi forståing for, det er han nesten nøydde til å gjere, seier Sævik.

Derimot har han lite forståing for det han oppfattar som eit krumspring.

Dette er stridens kjerne

Fylket erkjenner at Sævik sitt selskap Havilafjord har forkjøpsrett til aksjane i Fjord1. Men Sogn og Fjordane sitt eigarselskap i Fjord1 heiter F1 Holding. Og det er dette eigarselskapet, F1 Holding, som eventuelt skal selje aksjane. Her har ikkje Sævik forkjøpsrett, meiner fylket.

– Våre advokatar seier at dette ikkje er ein haldbar måte å tenke på, seier Sævik til Sunnmørsposten.

Fylkesrådmann Ivar Eriksen legg rett nok inn eit atterhald.

– Rådgjevarane meiner at forkjøpsretten ikkje kjem til bruk ved transaksjonsmodellen med Torghatten, men kan ikkje sjå bort frå dette, skriv fylkesrådmannen i sakspapira.

Måndag skal fylkesutvalet i Sogn og Fjordane ta stilling til sal av aksjar i Fjord1, men saka kan bli utsett.

God investering

Sævik ser Fjord1 som ei god investering, i ei tid der oljenæringa er usikker.

– Vi ser dette som ei investering som er motsyklisk i forhold til det andre vi held på det. Det gir fleire bein å stå på. Så det er eit strategisk val, seier Sævik.

Han meiner Havilafjord er eit godt val også for Sogn og Fjordane fylke.

– Eg vil kanskje tru at politikarane i Sogn og Fjordane er ganske opptekne av lokal forankring på dette selskapet. Vi har i lang tid indikert at vi ønskjer å behalde hovudkontoret i Florø, seier Sævik.

Han meiner at Havila har bidratt til å gjere Fjord1 til eit veldrive selskap.

– Vi fekk hakeslepp då vi kom inn og såg kor dårleg selskapet var. I dag er Fjord1 eit veldrive selskap, seier Sævik.

Har kjempa før

Sævik-familien sitt tradisjonsrike reiarlag Havila AS kjøpte i 2011 Møre og Romsdal fylke sine aksjar i Fjord1. Dette skjedde i kamp med to andre ferjeselskap, Torghatten og Tide. Torghatten og Tide ville også kjøpe Sogn og Fjordane sine aksjar, men Sogn og Fjordane avviste sal.

Fjord1 har dei siste åra hatt ei omsetning på rundt 2,3 milliardar kroner, og gjekk i fjor med eit overskot på nesten 100 mill. kroner.