Det bekrefter dei to i høringsuttalelsen dei i dag har sendt Politidirektoratet.

For det første er både dagens 110- og AMK-sentral for Møre og Romsdal, lokalisert i Ålesund. Dette inneber at her finst fagmiljø og ein fungerande organisasjon for både brann og helse sine naudmeldingstenester.

- Slik vi forstår det vil AMK sentralen være nært knytt opp mot Helse Møre og Romsdal sitt sjukehus i Ålesund, uavhengig av lokaliseringa av politiets operasjonssentral og det vil ikkje være realistisk å flytte denne til Kristiansund, då sentralen er avhengig av nærleiken til fagmiljøa ved sjukehuset. Ei felles lokalisering mellom AMK og dei andre naudmeldingstenestene vil så langt vi kan sjå difor berre vere mulig i Ålesund, skriv Solholm og Sætre i uttalelsen.

Som «nærpolitireformen» også omtalar, vil ei lokalisering i same by ha positive gevinstar for samvirket, om ein ikkje skulle greie å lokalisere sentralane i same bygning.

For det andre trur vi at ei flytting av den eksisterande 110-sentralen frå Ålesund til Kristiansund vil ha konsekvensar i forhold til å oppløyse eit etablert og godt fungerande fagmiljø, for å bygge opp eit nytt fagmiljø på nytt sted.

- Vi saknar at desse forholda vert vurdert og omtala i høyringa, heiter det i uttalelsen.

- Vi legg til grunn at ulike fagoppgåver, sett vekk frå operasjonssentralen, kan leggast til dei ulike driftseiningane i det nye politidistriktet, og at dette gjev rom for at sokkelansvaret fortsatt skal kunne forvaltast på ein god måte av eininga som vil ligge i Kristiansund.

Andre samvirkeaktørar som handterer hendingar som ikkje angår sokkelen vil i stor grad vere lokalisert i eller nær Ålesund, med unntak av Fylkesmannen, Sivilforsvaret og Heimevernet, som har administrasjonsstader midt i mellom dei to lokalitetane. Vi vil i tillegg trekke fram NVE sitt fagmiljø ved overvakingssenteret for store fjellskred på Stranda, som ein sentral samvirkeaktør ved fjellskredhendingar i fylket.

Oppsummering

Fylkesmannen legg til grunn at val av nytt administrasjonssted for det nye politidistriktet i Møre og Romsdal, vert gjort ut frå faglege vurderingar av kva som samla vil gje den beste beredskapen for vårt fylke. Vi har tru på å vektlegge moglegheita for felles lokalisering av naudetatane, og i tillegg legge til rette for eit godt samvirke mellom alle dei andre beredskapsaktørane.