At detkan vere pengar å hente er det likevel ingen tvil om.

Ålesundkommune reknar i alle fall med å tene pengar, dersom dei tek på segdriftsansvar for eit akuttmottak.

- Det er grunn til å anta atdrifta vil gi ein positiv margin som vil kome kommunen til gode,skriv rådmann Astrid Eidsvik i Ålesund i si innstilling i saka.

Dagsrate på 35.000 kroner

Avpapira går det også fram at UDI betaler 500-700 kroner døgnet forein plass i eit akuttmottak «Dersom vi tar utgangspunkt i endøgnpris på kr 700 per plass per måned vil tilskudd for 300 plassergi et totalt tilskudd pr måned på 6,6 millioner og 11 millioner ved500 plasser», skriv rådmannen.

Med same pris lagt til grunn byrjardet å bli store summar også for dei som har sengeplassar påoffshorebåtar å tilby.

Ein båt med 50 sengeplassar, noko som ermidt på treet, vil kunne oppnå ein «dagrate» på 35.000 kroner somasylmottak.

I spotmarknaden for supplybåtar i Nordsjøen torsdagvart det gjort fleire kontraktar på dette nivået.

Og då skal båtanegå med fullt mannskap.

Fleire av offshorebåtane har lugarkapsitetpå rundt 100 personar, men kan huse fleire enn det.

Lite tru på ideen

Offshoreskipvert ofte brukte som innkvartering av oljearbeidarar til havs, isamband med store vedlikehaldsjobbar.

Då er det vanleg åinnstallere bumodular på dekk, som supplement til ordinærlugarkapasitet. Men bransjefolk har likevel lite tru på atoffshorebåtar vert omgjorte til asylmottak.

- Dei fleste båtar harikkje nok lugarkapasitet til at dei kan eigne seg. Vi får vår delhar ikkje vurdert det, seier drifts- og operasjonsdirektør KjellRabben i Havila Shipping.

- Men i spotmarkanden gjer supplybåtarjobbar for 35.000 kroner dagen for tida?

- Det er ikkje levedyktig.Då er det betre å leggje stilt, seier Kjell Rabben.

Han har hellerikkje tru på løysingar med bustadmodular på dekk.

- Då må vigjennom rundar med sertifisering. Det er betre å setje brakkeriggarpå land, seier Kjell Rabben.