– Vekst i Stordal, som er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, Innovasjon Norge og kommunen, kom i gang i fjor, og har som mål å hjelpe til med å skaffe nye arbeidsplassar og å ta i bruk tomme bygg.

Det fortel Harald Espeland, prosjektleiar i Vekst i Stordal.

– Totalt har vi no kome opp i 38 nye arbeidsplassar. Men målet er 75 arbeidsplassar. Når vi har klart det, skal vi trekke ein premie på 100.000 kroner til ei av bedriftene. Fire nye arbeidsplassar betyr fire lodd i trekninga, forklarer Espeland.Det var ei negativ utviklinga med stadig færre arbeidsplassar i kommunen som gjorde at Vekst i Stordal vart skipa.

Millionar

– Vi har eit budsjett på to millionar kroner i året til veksttiltak og støtte. I tillegg disponerer vi næringsfondet i Stordal, som i år er på ein million kroner, fortel Espeland.

Til dømes var Vekst i Stordal aktive med då Arve Myrstad AS valde å etablere seg i Stordal. Arve Myrstad AS driv med sal og reparasjon av laser, GPS- og oppmålingsutstyr til bygg- og anleggsbransjen. I første omgang tek dei til i Stordal med tre tilsette. Mats Myrstad fortel at dei her skal etablere ein spesialverkstad for elektronikk og optikk.

Harald Espeland seier det ikkje berre er nye arbeidsplassar som er positivt, men også at ein får aktivitet inn i eit sentralt og godt synleg bygg i sentrum.

– Dette er bakgrunnen for at vi støtter prosjektet med 250.000 kroner, forklarer han.Espeland legg til at lokkemidla deira for å få nye bedrifter til kommunen er kompetanse, økonomisk støtte og ledige bygg. Denne veka var det altså ei nyetablering. Espeland seier at det er like viktig å skape vekst hos dei bedriftene som allereie er på plass i Stordal.

Møbel

Difor er han glad for å kunne fortelje at det går godt med fleire av dei større bedriftene her, som til dømes møbelbedriftene Sitwell og Stordal Møbler som til saman har utvida arbeidsstokken med 10–11 tilsette det siste året.