Fredag kveld kunne Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr sine mange Facebook-vener lese ei statusoppdatering om at ordføraren var «trygg på at mannskapet på redningsskøyta får bopel i Fosnavåg i framtida».

- Det stemmer det. Utspelet skuldast kort og godt at eg veit om folk som - etter å ha kome med tilbod til Redningsselskapet, i alle fall har gjort munnleg avtale med selskapet om bustadar, seier han.

Nye krav

Maritim direktør Webjørn Knudsen i Redningsselskapet stadfesta nyleg at det var hald i rykta om at den nye redningsskøyta «Idar Ulstein» kunne bli flytta frå Fosnavåg til Ulsteinvik og att nett buforholda til mannskapet var grunnen:

For med nye redningsskøyter er det nye krav til storleik på lugarane. Mannskapet skal ha større lugarar, eventuelt bu på land. Mannskapet kan bu om bord i skøyta ein kortare periode, men ikkje på permanent basis. Tek ein med at det har vore vanskeleg å finne bustad på land i Fosnavåg for mannskapet, vel så har ein bakgrunnen.

Les også: Opprørt av tanken på å flytte redningsskøyta frå Fosnavåg

Les også: Vil flytte redningsskøyte frå Herøy til Ulstein

- Logisk med Fosnavåg

Herøy-ordføraren seier han kjenner seg trygg på at redningsskøyta blir verande i Fosnavåg.

- Det har eg forsåvidt vore heile tida, men med bustadane på plass, var det siste vesle uromomentet borte. Sjølv om nokon synest det er spennande å tenke alternativt, er det logisk både for fiskarar og andre sjøfolk at redningsskøyta skal vere stasjonert her. Eg betraktar alternativet som er lansert no som noko som er kome opp under ein god diskusjon i festleg lag, seier Goksøyr.

- Ein viss seriøsitet må det jo ha vore i dette, i og med at Redningsselskapet stadfesta at det kunne bli aktuelt å flytte redningsskøyta?

- Redningsskøyta har sikkert fått tilbod om bustadar i Ulsteinvik, så det trur eg er rett. Eg kan også sjå føre meg at nokon har tenkt at «Idar Ulstein» kanskje burde ligge ved kai i Ulsteinvik. Hadde eg budd i Ulstein hadde eg nok prøvd meg på noko likande sjølv, seier Goksøyr.

- Det er ei fantastisk flott skøyte Ulstein-familien har gitt Redningsselskapet til bruk i arbeidet for å trygge folk på havet, men så vidt eg veit er den gitt i gave til Redningsselskapet. Som sjølv må få bestemme kva stad som er best eigna, seier han.

Blir stadfesta av Redningsselskapet

Og: Søndag ettermiddag stadfestar maritim direktør Webjørn Knudsen i Redningsselskapet, at «Idar Ulstein» - på same måte som «Emmy Dyvi», blir stasjonert i Fosnavåg.

- Vi har fått fleire tilbod om bustader både i Fosnavåg og i Ulstein, men det skal mykje til for å flytte ei redningsskøyte, og redningsskøyta blir verande i Fosnavåg, seier han.

Men, for det er ei men:

- Hadde det ikkje vore for at media tok tak i saka, kunne det faktisk ha skjedd at redningsskøyta hadde blitt flytta. Fokuset på saka har gjort at lokalsamfunnet har tatt tak og funne fram til betre bualternativ enn det som låg føre. Det er vi særs godt nøgd med, seier han.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook

Redningsskøyta «Idar Ulstein», her frå båtdåpen 12. november. Foto: Anne-Mari Tomasgard