Rektoren ved ein skule på Sunnmøre fatta vedtak om at ein elev skulle utvisast for resten av skuledagen. I vedtaket blir det vist til at eleven hadde uroa i klassen, trakassert medelevar og tilsette, brukt grovt språk og kome med truslar om dreping og øydelegging ved skulen.

Foreldra: - Set djupe spor i ein tiåring

Foreldra klaga allereie same dag på vedtaket. Dei reagerer sterkt på rektor sin framgangsmåte og meiner det er i strid med skulen sitt eige reglement. Dei viser også til at ei slik bortvising set djupe spor i ein tiåring.

Fylkesmannen: - Foreldra skulle fått uttalt seg

Fylkesmannen er einig med foreldra i at dei skulle ha fått uttalt seg før skulen gjekk til det steg å utvise eleven.

Ut frå dokumenta er det ikkje usemje om dei faktiske forholda, men skulen har gjort ein sakshandsamingsfeil. Fylkesmannen meiner det er svært usikkert om vedtaket ville blitt det same om skulen hadde høyrt med foreldra før ein gjorde vedtaket.

'Bortvising er eit alvorleg inngrep i eleven sin opplæringsrett og strengaste sanksjonen skulen har. Og Fylkesmannen viser til at skulen som profesjonell aktør må vere heilt sikker på at reglane blir følgde.

Gjør som flere enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook