Det skriv dei som tok initiativet til underskriftsaksjonen mot å innføre ny versjon av Fader vår i Spjelkavik kyrkje.

Over tusen skreiv under på lista, og no er både underskriftene og eit brev sendt til soknerådet.

I brevet kjem det fram kritikk mot måten denne saka har vore handsama på, og at det har vore liten eller ingen informasjon til folk i soknet om at den nye versjonen av Fader vår skal takast i bruk frå første søndag i advent.

Les også: Mange protesterer mot ny «Fader vår»

Les ikke: Ønsker ikke «Vår far» i Spjelkavik kirke (krever innlogg)

I brevet står det også at dei som har skrive under på lista, har sagt at dei ynskjer at kyrkja skal halde fram med den bøna dei har lært, og som for mange definerer deira tilknyting til kyrkja.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no