Onsdag kveld gjekk forhandlingane mellom Sykkylven kommune og Sykkylven legetjeneste AS i stå. Bakgrunnen skal vere usemje knytta til økonomien om organisert daglegevakt.

Dette gjer at også avtalen om legevakt utanom kontortid, som det var semje om, også fell vekk. Dette fordi avtalene heng saman.

Gjør som fleire enn 23.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Sykkylven kommune.

– Dette brotet gir ikkje umiddelbare endringar i legevaktordninga då noverande avtale gjeld fram til nyttår. Men frå 01.01.16 må kommunen  ha på plass ei ny legevaktordning, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug i pressemeldinga.

Les fleire nyheiter frå Indre her