– Vi begynte å pusse opp lokala her etter sommarferien. I tillegg til å nytte skuletida, har vi også hatt nokre dugnadshelger, fortel Filip Solheim. Han er ein av elevane i Husgjengen UB, som no legg siste hand på verket.

Måndag 30. november er det opningsfest, dagen etter opnar butikken.

I alt 40–50 elevar har vore med. Saman med proffe handverkarar har dei mellom anna måla, snikra, sveisa og rydda.

Spente på bygdefolket

– Det blir spanande å høyre kva bygdefolket synest. Dei har iallfall vore svært nysgjerrige på kva som skulle kome i dette bygget her i Kyrkjevegen, legg Sunniva Karlsen til.

Saman med ein tredje medelev, Kristian Goksøyr, ramsar dei opp kva som skal seljast frå butikken i Huset:

– Det blir sal av mellom anna skjerefjøler, sengegavlar, klesstativ, leiketelt, krakkar, dørskilt og bakeutstyr, fortel dei tre.

Og så har dei rusta opp kjøkenet slik at dei kan ha kafé her.

Leiger i Sykkylven sentrum

Lærar Emte Aure har vore prosjektleiar for Huset. Ho fortel at elevane har stått på med stor iver, og at de har fått god hjelp av mellom andre det lokale næringslivet.

Fylkeskommunen er også med som støttespelar slik at skulen kan leige dette bygget i Sykkylven sentrum.

– Det var i grunnen julemarknaden vår i fjor som sette oss på ideen om at vi burde finne på noko nytt. For då var pågangen stor frå bygdefolket. Så då dette bygget dukka opp som ein moglegheit, slo vi til, fortel Aure.

Ho seier at Ungt Entreprenørskap er eit satsingsområde for skulen, og i Huset skal altså ungdomane få høve til å selje varene sine.

Ettersom det kvart år blir etablert nye ungdomsbedrifter, vil også vareutvalet variere frå år til år.

Hus med historie - sykkel på veggen

Huset er eit hus med lang historie. Her har det vore mellom anna frivilligsentral, tatoveringsbutikk, bakar, snikkar, fotograf, urmakar og klesbutikk.

Men det mest spesielle er at Sykkylven Sportsforretning har produsert syklar her, under merket Trollsteg.

– Og ein slik sykkel frå cirka 1940 har vi funne i Porsgrunn. No skal vi hengje han opp på veggen her, fortel Emte Aure.