Fjord1-direktør Dagfinn Neteland og fem styremedlemmer trekkjer seg frå selskapet, ifølgje ei pressemelding frå Fjord1 torsdag.

Avgjerda er begrunna i situasjonen som har oppstått på bakgrunn av vedtaket i fylkestinget i Sogn og Fjordane om å selje aksjane i selskapet til Torghatten.

Dei aksjonærvalde i styret som trekkjer seg er:

• Reidar Sandal • Heidi Kathrin Osland • Nils R. Sandal • Lars Birkeland • Jan Kildal

Det inneberer at det berre er Vegard Sævik frå minoritetseigaren Havilafjord igjen - saman med dei tilsette sine representantar Arnstein Aamås og Atle Olav Trollebø. Direktør Neteland vil stå i stilling ut året.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook

«Uheldig» og «skadeleg»

Det blir peika på det dei meiner er fleire uheldige omstende som kan skade selskapet.

Det visast til følgjande:

  • «Eit sal til Torghatten ASA kan vere krevjande å få godkjent av Konkurransetilsynet. Usikkerheit og ventetid på utfallet vil vere uheldig for selskapet.»

  • «Minoritetseigaren Havilafjord har varsla at eit vedtak i fylkestinget om å selje aksjane i F1 Holding AS vil bli prøvt i rettsapparatet. Ein konflikt for domstolane mellom eigarane vil vere skadeleg for Fjord1 AS.»

  • «Det skal liggje føre ein aksjonæravtale mellom to av tre eigarar, noko som vil vere kimen til vedvarande motsetningsforhold og konflikt så lenge fylkeskommunen har eigarskap i selskapet.»

– Avvik

Medlemmane og direktør Netland meiner det er eit klart avvik mellom det styret i selskapet ønskja, og vedtaket i fylkestinget 23. november om å selje til Torghatten.

– Styret i Fjord1 AS har i møte 16. november 2015 uttalt at direkte eller indirekte overdraging av eigarinteresser til ein konkurrent tener verken selskapet eller aksjonærfellesskapet, heiter det grunngjevinga.

Dei meiner at Fjord1 sjølv bør vere overtakande selskap, eller på anna måte ha handa på rattet i prosessen - både for ikkje å undergrave konkurransen i marknaden - og for å sikre interessene til aksjonærane i Fjord1.

Varsla kamp

Fylkestinget gjekk måndag inn for å selje sine 59 prosent av aksjane, trinn frå eigarselskapet F1 Holding, slik fylkesrådmannen råda politikarene til.

Sævik-familien i Herøy eig i dag 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord, og har varsla at dei er villeg til å ta saka heilt til Høgsterett dersom dei ikkje får nytte forkjøpsrett ved eit sal.