Ho bur på Fjøsneset mellom Steinsvika og Dalsbygda på fylkesveg 40 i Volda kommune, der det gjekk fleire snø- og jordras etter kl. 21.00 torsdag kveld.

SISTE: Det er framleis stengt veg, vi har ikkje fått noko ny oppdatering på vegen der, opplyser Vegtrafikksentralen klokka 15, fredag.

Rydda stein

- Vi kom frå Folkestad, fleire bilar i lag. Det låg nokre steinar i vegbanen og ein sjåfør var ute for å rydde dei vekk. Då vi kom heim like etter, høyrde vi det buldra, seier Mårstøl Reite. Familien bur like ved rasstaden.

- Korleis opplevde de raset?

Tek det roleg

- Vi er vande med at det skjer slike ras på denne staden og når det er slikt ver. Rasa går i eit lite gjøl, og vi er aldri redde for at det skal kome inn til huset, seier Mårstøl Reite. Ho veit ikkje kor stort og breitt raset er.

Jan Øystein Aksnes har oppdrag for Statens vegvesen i området, og fortel til smp.no at det er uråd å sjå kor breitt raset er. Vegen vil vere stengt til i morgon.

44 fonner i området

- Er det tilrådeleg å køyre i området, slik tilhøva er no?

- I heile Dalsfjorden er det 44 fonner som kan gå. Ein må heile tida vurdere tilhøva, seier Aksnes, som ber publikum følge med på informasjon som Vegtrafikksentralen gir.

Foto: GOOGLE MAPS