Dette seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune til Sunnmørsposten.

Han trur ikkje på modellen som ordførarkollega Jørgen Amdam (Ap) i Volda og fleire har teke til orde for siste dagane, om å oppheve gjeldande grenser mellom helseføretaka. På den måten ville til dømes Volda sjukehus brått kunne hatt eit nedslagsfelt på 60- 70.000 personar. Dette er den teoretiske minimumsgrensa helseminister Bent Høie har sett for å halde oppe alle vitale funksjonar ved eit sjukehus.

Urealistisk

– Kvifor trur du ikkje på det mange no hevdar vil vere ei naturleg oppheving av grensene mellom helseføretaka?

– Eg høyrer mange snakkar om utviska grenser. For meg blir dette eit merkeleg, men først og fremst eit urealistisk omgrep.

– Dette seier eg mellom anna ut ifrå at det ikkje finst noko som tyder på eit stortingsfleirtal for endring av føretaksgrenser i rimeleg framtid. Dette må vi berre forholde oss til, insisterer Eid-ordføraren.

Volda viktig

– Har du likevel synspunkt på om Volda sjukehus bør få behalde akuttkirurgien, som striden no står om?

– Eg synest absolutt at Volda sjukehus bør vere best muleg rusta til å hjelpe pasientane sine, akutten inkludert. Det gjeld same om pasientane er frå Sunnmøre eller Nordfjord, det synest eg absolutt, seier Bjørlo. Han trur ikkje det vil vere noko problem å halde oppe lokalsjukehusa både på Eid og i Volda, trass i at den geografiske avstanden mellom dei er nokså kort.

Brua

– Men vi må snakke om reell avstand. Den dagen ei bru er på plass over Voldsfjorden, først då vil vi ha ein så sterkt endra situasjon at vi kan diskutere den lokale sjukehusstrukturen på nytt, hevdar Bjørlo. Han ser gjerne at kvinner frå Nordfjord held fram med å føde i Volda, der det er naturleg.

– Samstundes ser eg at det er umåteleg viktig å halde oppe kvinneklinikken i Førde, for heile nordfjordregionen sin del.

– For oss nordfjordingar har det elles over tiår vore bygd opp tryggleik og nærleik til vårt hovudsjukehus, Haukeland.

– Med ei oppheving av føretaksgrensene vil vi brått måtte orientere oss mot St. Olavs Hospital i Trondheim. Det er vi ikkje klar for no, seier Bjørlo.

<strong>Broen:</strong> – Ei bru over Voldsfjorden er det einaste eg i dag kan sjå som vil endre forholdet mellom lokalsjukehusa, seier Alfred Bjørlo. Her i lag med bruforkjempar Odd A. Folkestad. Arkivfoto: Knut Arne Aarset.
<strong>Historie:</strong> Det er ikkje lenger akuttmottak ved Eid sjukehus. Likevel består sjukehuset med spesialfunksjonar og dagkirurgi. 150 personar arbeider i dag ved sjukehuset. Arkivfoto: Knut Arne Aarset