– Trafikk-korka går langt oppover Hareid-dalen, opplyste Terje Rasmussen på Hareid til smp.no tidleg fredag ettermiddag.

Det var sju fulle rader på Hareid etter at ferja hadde gått, opplyste han til smp.no klokka 14.20, med utsikt fra arbeidsplassen sin på Hareid rådhus.

Kaoset oppstod fordi E39 ved Ørsta var stengt frå torsdag kveld til fredag klokka 15 etter eit jordras. Mange køyrde via Hareid-Sulesund.

Så medan ferjene køyrde tomme Festøya – Solavågen, var det ferjekaos på sambandet Hareid – Sulesund.Kunne ikkje Statens vegvesen eller fylket ha omdirigert ferjene for å avlaste?

Ikkje førebudd

Vi har ikkje vore godt nok førebudde på ein slik situasjon, seier Knut Nauste i Statens vegvesen til Vikebladet Vestposten.

– Vi er nøydde til å ta fatt i denne situasjonen, og vere meir budd på denne typen hendingar i framtida. Eg kjenner igjen problemstillinga frå tidlegare, men vi har ikkje vore godt nok førebudde denne gongen, seier Nauste til Vikebladet.

Fleire ringte og klaga

Til Sunnmørsposten seier Nauste at han i dag har hatt fleire telefonar med folk som meiner at no må byråkratiet ta seg saman. Men det er heilt praktiske problem som gjorde at ferjer ikkje berre kunne omdirigerast, seier Nauste.

Han medgir at Vegvesenet for fleire år sidan vurderte å opprette ein slik beredskap, men at dei ikkje gjekk vidare og konkretiserte ideen. No vil han ved første høve legge forslaget fram for ferjeselskapa.

For det er tre samband i ytre Storfjord med jamstore ferjer.

Praktiske hinder

Nauste ser fire mulege hinder.

  • Djupna ved kaiene.

  • Enkelte båtar har bulbar som stikk fram.

  • Norled og Fjord1 har litt ulike baugportar. Dermed kan det bli eit gap på sidene. Her må det på plass sikkerheitsutstyr slik at folk ikkje går eller køyrer på sjøen.

– Dette er sikkerheitsutstyr som ferjene kan ha med seg, seier Nauste til Sunnmørsposten.

– Dersom alt dette er på plass, kor lang tid treng de for å omdirigere ferjene?

– I teorien kan det gjerast umiddelbart. Men det er ein ting til, det er at skiftplanen for mannskapet kan tenkast å vere til hinder for ei omdirigering, sidan mannskapet har pålagt kviletid, seier Nauste.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook.

Skapte kaos

Fredag føremiddag var situasjonen kanskje enno meir kaotisk enn det bilist Terje Rasmussen fortalde om.

Sjåfør Svenn-Ove Torgersen fortel ved 10.30-tida at det står om lag 20 lastebilar på Hareid ferjekai.

– Alle åtte radene er fulle. Her kjem ein god del som skulle ha køyrt E39 frå Ørsta til Ålesund, seier Torgersen.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Åtte fulle rader på Hareid ferjekai. Foto: SMP-tipsar

Fører til kaos: E39 er stengt etter stort jordras

Kaotisk

Han kom like over klokka 10. Då stod køa bort til rundkøyringa.

– Det er ikkje kontroll på lysa og det er masse sniking. Det ser veldig kaotisk ut, seier Torgersen.

Han fortel at det går to ferjer, og heldigvis kom den største til Hareid akkurat no.

– Den svelger litt unna. Eg håpar at køa ikkje står ut på vegen igjen. Det er fleire bilar som ikkje kjem med ferja her, fortel sjåføren.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Køa går ut på vegen. Foto: SMP-tipsar

Svikt i lys-system

Regionsjef i Norled, Inge André Utåker, fortel at det automatiske lysreguleringsystemet truleg har svikta.

– Vi skulle hatt tre ferjer, men på grunn av at vi har Høgsfjord som reserve på Årvik - Koparnes, har vi berre to frå Hareid til Sulesund, seier Utåker.

Han er lei seg for at kapasiteten er redusert på ein dag E39 er stengt frå Ørsta til Ålesund.

Utåker har kommunikasjon med ferjene, og Norled vil prøve å finne på løysingar som kan kompensere for den auka trafikken på sambandet.

Statens vegvesen opplyser at trafikken vil bli dirigert på ferjekaia. Alternativ omkøyring for E39 er FV60 via Stranda, skriv Vegvesenet.

Lite trafikk

Smp.no har snakka med mannskap om bord på MF Storfjord mellom Festøy og Solevåg. Status her er at dei to ferjene går som normalt og følgjer ruteplan. Det er lite trafikk. Mannskapet har førebels ikkje fått beskjed om å bistå på Hareid - Sulesund.

Torbjørn Vik i Fjord1 fortel at det ikkje er opp til Fjord1 om dei skal bistå på Hareid - Sulesund. Det må Statens vegvesen avklare.

Kaos

Ifølgje Terje Rasmussen, som har oversikt, er det kaos på ferjekaia på Hareid.

Sjåfør Svenn-Ove Torgersen opplyser at politiet er på staden klokka 11.15.

Terje Rasmussen tok dette biletet klokka 15.30. Foto: TERJE RASMUSSEN