Politiet oppfordrar bilistar til å ta livet med ro.

– Det er mykje vatn i vegbana og dårleg sikt. Så  langt har vi ikkje fått melding om at nokon har kome til skade, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

At E39 var stengt førte til meir trafikk over Hareid-Sulesund. På Hareid ferjekai har det vore kaos heile fredag.

Tips smp.no: MMS/SMS: 95400400

Situasjonen på Nordvestlandet litt før klokka 21 fredag:

  • E39 er rydda. Det er i 17.45-tida rydda opp på E39 ved Rindane i Ørsta, etter at det først vart opna i eitt felt klokka 15.

  • Skredestranda, mellom Stryn og Eid i Sogn og Fjordane: E39 stengd og blir ikkje opna att fredag. Politiet åtvara først mot stein i vegbana. Anbefalt omkøyring fylkesveg 651 via ferjesambandet Folkestad - Volda. Ny vurdering laurdag morgon.

  • Gurskøy: Fv 10 på strekninga Gurskevågen - Raftenes:Redusert framkommelegheit på grunn av jordras.

  • Fv. 41 Leira - Viddal i Ørsta: Stengt på grunn av jordras.

  • Hareid - Brandal: Ope etter jordras.

  • Ørsta: Jordras i Årsetdalen, fv 67, redusert frammkommelegheit.

  • Fv. 40 er stengt mellom Dalsbygda og Steinsvik i Dalsfjorden på grunn av snøras. Vegen blir ikkje opna i dag.

  • Fv. 60 Tjønes, på strekninga Sykkylven - Stranda: Eitt felt stengt på grunn av jordras. Det er fare for at vegen kan bli stengt.

  • Fv 47 Hovdebygda, på strekninga Ekset-Hovdebygda. Eitt felt stengt på grunn av jordras.

  • Fv. 63 Geiranger-Langvatn er framleis stengt. Vegen blir ikkje opna i dag.

  • Fv. 63 Ørnesvingen. Eitt felt stengt på grunn av jordras. Strekninga Geiranger-Eidsdal.

  • Kommunalveg over Standalseidet er stengt.

  • I 10-tida melde Statens vegvesen på Twitter at fylkesveg 655 Norangsdalen ved Lyngstøylen på strekninga Lekneset – Tryggestad også er stengt på grunn av jordras. Vegen er framleis stengt.

Sjå oppdatert oversikt hos Statens vegvesen:Møre og RomsdalSogn og Fjordane

Ambulansearbeider går ut mot sjukehusplanen til Høie etter raset på E39: – Skrekkscenarioet kunne skjedd i går kveld

Delar av vegen i Sykkylven har rast ut. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD