- Det har løpet av natta ikkje kome inn meldingar om skadar eller uhell av noko slag til politiet, seier operasjonsleiar Jon Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt til smp.no like etter klokka 06 fredag morgon.

Uver med storm på kysten og store nedbørsmenger herja over Nordvestlandet torsdag ettermiddag, kveld og ut over natta.  Men framover morgonkviste stilna vinden.

Nedbøren må vi likevel leve med ut over fredagen også. Regnværet fortsetter langs vestlandskysten fredag. her langt nord på vestlandet kan det kome opp mot 26 millimeter nedbør i løpet av dagen, melder Yr.no.

Situasjonen på vegane no på morgonkvisten er - som i går kveld - at fylkesvegane i Nordangsdalen og gjennom Dalsfjorden er stengde innntil vidare. Det same er E 39 ved Håvoll i Ørsta. Opning av alle desse vegane vil bli vurderte av Statens Vegvesen når det vert dagslys og mannskap får inspisere stadane skikkeleg.