Samferdselsdepartementet opnar for prøveordning rundt fjorden utan bompengebetaling. Men det manglar framleis eit «ja» frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Stortinget. Tidlegast til våren kan det skje.

– Eg har snakka med fylkesordføraren, han seier det ikkje blir før på fylkestinget i april, fortel Øyvind Granberg, leiar av Tresfjord bygdelag, til Sunnmørsposten.

Men argumenta har Granberg klar: – Dei som skal inn i Tresfjord på festival, på hesteshow eller på martnad, eller på campingen, eller kjøpe seg snøfres eller grasklippar, og varetransporten, dei må få fare fritt, sjølv om dei ikkje har bombrikke, seier Granberg.

Daugstad er redd tungtrafikken

– Skal det bli heilt bomfritt å køyre rundt Tresfjorden, er vi veldig skeptisk til auka trafikk, spesielt tungtrafikk – og spesielt no når Vegvesenet har gjort delar av vegen enno smalare enn den var, skriv Daugstad bygdelag i eit brev til fylkeskommunen.

Å få køyrt gratis med dagens ordning er ikkje så vanskeleg som enkelte vil ha det til, meiner Oddny Vikås på Daugstad.

Alle køyrer gratis om dei har autopass-brikke og berre passerer den eine bomstasjonen, uansett kor mange gonger i løpet av ein dag dei passerer. Og det kostar berre 200 kroner i depositum for den brikka, seier Vikås til smp.no.

For gjennomgangstrafikk er det omvendt timeregel: Det er gratis om dei bruker meir enn ein time på å passere begge bomstasjonane (Skorgen og Skjeggstad) med autopass-brikke.

Det må i alle fall ikkje bli gratis for bilar over til dømes tre tonn, meiner bygdelaget på Daugstad og er redd tungtrafikken igjen kjem dundrande gjennom bygda.

– Ei mykje tryggare bygd

Tilbake i Tresfjord er Granberg einig i at det med tungtransporten er viktig.

– Gjennomgangstrafikken er blitt borte, det er blitt ei mykje tryggare bygd, og stillare og rolegare. Men vi trur ikkje at det er så mange som vil køyre gratis rundt fjorden. Det var lite trafikklekkasje både for Skodjebrua og Tussentunnelen, så la oss i det minste prøve først, seier leiaren av Tresfjord bygdelag.

Samferdselsutvalets leiar, Kristin Sørheim (Sp), er skeptisk. Før helga sa ho at det er risikofritt for Samferdselsdepartementet å foreslå gratis køyring rundt Tresfjord. Det er fylkeskommunen som garanterer låneopptak for bompengeselskapet, og som dermed tar risikoen ved eit slikt gratis prøveprosjekt.

Slik er takstane rundt fjorden (2015):

  • Tresfjordbrua 90 kr (lette køyretøy) og 270 kr (tunge køyretøy)

  • E136 rundt Tresfjorden: Skorgen 45 kr / 135 kr

  • E136 rundt Tresfjorden: Skjeggstad 45 kr / 135 kr

  • Vågstrandtunnelen: 42 kr / 126 kr

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook