Då Vegvesenet si tungbilgruppe hadde kontroll på eit vinterkvitt Ørskogfjell laurdag, fann dei noko litt spesielt:

– Stemmer det at de stoppa ein bil som var lasta full med bleier?

– Ja, av alle bilane som vart kontrollert, var det god standard på vinterutrustinga. Men ein mangla førarkort, og ein utanlandsk varebil hadde overlast av mellom anna bleier, fortel Runar Inge Larsen, leiar av tungbilgruppa i Statens vegvesen i Møre og Romsdal.

Det er ikkje kontrollørane si oppgåve å vurdere lovlegheita av det som vert frakta, men vekt og transportmetode.

– Når vi driv tungbilkontroll, skal vi jo kontrollere om lasta er godt nok sikra, og då hender det vi må sjå kva type last dei har. Då er det fleire gonger vi har kome utfor dette med bleier, fortel Larsen.

Fordi dei ikkje står på ei grense, tek dei heller ikkje stilling til om dette kan vere eksportvarer.

– Bleier er sikkert rimelegare her enn i andre land, trur Larsen.

Det har ikkje lukkast smp.no å kome i kontakt med ansvarleg for kontrollen på Ørskogfjellet laurdag kveld/søndag ettermiddag.