Brøda er utvikla på kjøkenet til restaurant- og matfag ved Stranda vidaregåande skule. Tre av brøda er glutenfrie.

Brød-rett-hjem UB er ei tverrfagleg ungdomsbedrift, med fire elevar frå entreprenørskap og tre elevar frå restaurant- og matfag.

Tre av brøda til Brød-rett-hjem er for øvrig laga med kortreist mjøl frå Volda Elektriske Mylne.

Entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde fortel at gründeren Idar Vollvik har takka ja til å vere mentor for bedrifta, og i førre veke var difor Katrine Mykløen Ødegård, dagleg leiar i ungdomsbedrifta, på besøk hos Vollvik i Bergen.