Folk frå kommunen var saman med grunneigar, lensmann og maskinentreprenør på synfaring i Årsetdalen måndag.

Frykta vollen skulle bryte ut

Spora etter raset i november for to år sidan ligg som sår i terrenget i Årsetdalen. Det er bygd ein voll og eit far til vatnet, men enno ligg mykje masse att i skråninga. No fryktar folk neste kraftige regnvêr, som er varsla allereie onsdag. Om det ikkje blir reinska opp, kan meir masse kome ned og gjere øydeleggjande skade.

(saka held fram under bilde)

*

Synfaring Ordførar Stein Aam i Årsetdalen måndag.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ordføraren fekk fredag melding om at det fløymde over vegen med vatn. Kommunen kalla saman beredskapsutvalet og var på synfaring, og Aam meiner folk med rette hadde grunn til å vere redde.

Må reinske og plastre

Ordføraren seier vidare at diskusjonen om kven som skal betale må ein ta i ettertid. No handlar det om å sikre folk og hus.

Maskinentreprenør Arnstein Opsal er klar til å ta jobben, og han seier det er godt muleg å få til ei løysing som inneber å reinske området og plastre.

Ligg mykje masse att

Lensmann Guttorm Hagen var også med på synfaringa.

- Eg har sagt til han som eig her at han kan leige maskinhjelp og få dekt kostnad ut over eigendel, for å hindre at skaden blir verre. Mykje masse ligg her og kan kome ned, og det er også behov for betre gjennomløp for vatn, for det som er no er for trangt, seier Hagen.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

I lensmannsskjønnet etter raset for to år sidan blei grunneigar tilkjent knapt 2,3 millionar kroner for å setje garden i stand att. Skjønnet blei anka og tingretten sette erstatninga til vel 200.000 kroner.

Les også: På bar bakke etter raset (krever abonnement)