Kommunalt

I Ørsta er det to liknande bufellesskap, men med færre bebuarar i kvar av dei. Kommunen har bygd eller kjøpt husa, og tilsett miljøarbeidarar som bur saman med ungdomane på skift.

– Eg meiner vi har lukkast med å skape ein heim her. Og vi ser at dei som flyttar for seg sjølv, stadig kjem tilbake på besøk. Dei reknar dette framleis som heimen sin, seier Jannicke Hjellen, som er ein av miljøarbeidarane i bufellesskapet i Volda.

Volda og Ørsta har valt å leggje drifta av bueiningane under barnevernet. Sidan etableringa for fem år sidan har huset i Smiebakken i Volda vore heim for rundt 35 unge einslege flyktningar.

Frå Afghanistan

– Nokre har og flytta ut før dei er 18, det kjem an på kor modne dei er, seier Jannicke Hjellen. I den eine leilegheita bur Hussain (16), Ander (17) og Zargai (17), som alle har flykta frå Afghanistan.

Mykje lekser

Hussain har byrja på tømrarlina på vidaregåande skule.

– Eg håper å bli ingeniør, seier han.

– Kva driv du med elles?

– Eg likar godt å trene, og har spelt fotball på juniorlaget i Volda. Men det tok for mykje tid så eg har slutta. Eg treng tida til å gjere lekser, seier han.

– Alle tre jobbar veldig mykje med lekser, forsikrar Jannicke Hjellen.

Interkommunalt barnevern

Då dei første unge flyktningane kom til Volda vart dei plasserte på hyblar.

– Bufellskap gir eit langt betre barnevernsfagleg tilbod. Vi får sjanse til å fange opp problem og hjelpebehov, og vi kan følge opp skulegang og gi leksehjelp. Miljøpersonalet kan og følge dei opp etter at dei er 18 og flyttar for seg sjølve, seier Brynhild Solvang, som er leiar i det interkommunale barnevernet i Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid.

Modellen med bufellesskap har vore vellukka, meiner leiinga for barnevernet.

Staten dekkjer

– Vi har ikkje så mange års erfaringar å byggje på. Men vi har sett at det store fleirtalet klarer seg bra, seier Torill Osborg Vinjevoll.

Den store tilstrøyminga av asylsøkjarar dei siste månadene har skapt eit stor og akutt behov for busetting av unge på flukt.

Barnevernsleiinga i Ørsta og Volda er spente på om det vert satsa på fleire slike bufellesskap. Staten dekkjer 80 prosent av kostnadene. Resten må kommunane ta.

Press på kostnader

– Det er opptil politikarane å bestemme dette, men vi fryktar at det vert press på kostnadane, og at det fører til eit dårlegare fagleg tilbod, seier Brynhild Solvang.

Som Sunnmørsposten skreiv måndag jobbar Bufetat for å skaffe fosterheimar til unge flyktningar under 15 år. Kommunale bufellesskap er mest aktuelt for unge einslege flyktningar mellom 15 og 18 år.

Har traume

–Dette er ungdomar med ein vanskeleg bakgrunn. Flukta er vanskeleg nok i seg sjølv, dei har ulike erfaringar frå oppveksten, og mange har traume. I bufellesskapa har vi personale som kan handtere dette, seier fagteamleiar Torill Osborg Vinjevoll.

<strong>Barnevernet:</strong> Barnevernsleiar Brynhild Solvang (t.v.) og fagteamleiar Torill Osborg Vinjevoll