Med seg i det nye styret får han med seg avtroppande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, og Høgre-mannen og forretningsmannen Vidar Grønnevik frå Florø, om fylkesutvalet får det som dei vil, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes. Fylkesordføraren sa i møtet at ho håper dette vil skape ein betre dialog mellom selskapet og eigarane, skriv kanalen.

Nestleiar Vegard Sævik, som representerer Havilafjord i Fjord1-styret, har ikkje trekt seg, og held fram om minoritetseigaren ønskjer det. Havilafjord må i tillegg erstatte Jan Kildal, som har trekt seg.

Møtet i fylkesutvalet starta klokka 12 og er venta å vare i alle fall til klokka 13. Sakslista kan du laste ned her (ekstern side).

Fylkestinget opnar tysdag føremiddag og varer til onsdag ettermiddag eller kveld.