Helseminister Bent Høie vil presentere Nasjonal helse- og sykehusplan i eit allmøte på Volda sjukehus tirsdag. Han vil her svare på spørsmål frå salen, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding fredag.

Etter allmøtet får han omvising på klinikk for kirurgi, og føde og barsel. Statsråden skal også ha eit politisk møte med ordførarane i regionen.

Dette møtet med ordførarane er lukka for pressa, skriv departementet i presseinvitasjonen.

Forundra

Ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda kommune er forundra over at helseministeren ønskjer at møtet med ordførarane tirsdag skal vere lukka.

- Eg vil ta kontakt med departementet mandag og tilrå eit ope møte i den forstand at media får vere til stades i møtet. Vi har ikkje noko å skjule, seier Jørgen Amdam til smp.no.

Nyhetsredaktør Sindre Halkjelsvik i Sunnmørsposten seier det er heilt på sin plass at Jørgen Amdam tek initiativ til å opne møtet med helseministeren.

- Kva har han å skjule?

- Eg reknar med at Høie tek signalet. Kampen om akuttkirurgien i Volda er den viktigaste politiske saka på søre Sunnmøre på mange tiår og då kan sjølvsagt ikkje ordførarane byggje opp under mistillit til prosessen ved å møte Høie bak lukka dører. Kva har han å skjule - som ordførarane ikkje skulle kunne snakke fritt om etter møtet? undrar Halkjelsvik.

Han meiner det framstår i beste fall lite gjennomtenkt å arrangere eit slikt ordførartreff utan at pressa får høyre kva som blir sagt.

- Høie kan vel ikkje ha gløymt all misnøyen og mistanken om skjulte prosessar og avtalt spel rundt sjukehusavgjerda før jul i fjor. Den uroa har på langt nær lagt seg, og det siste både ministeren, ordførarane og innbyggjarane treng no, er ei ny runde med skuldingar om fusk og fanteri, seier Halkjelsvik.

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn skal og halde innlegg i møtet med helseministeren. Han er samd med sin ordførarkollega i nord.

- Eg meiner møtet bør vere åpent, seier Sven Flo.

Snur

Smp.no har forsøkt å få kommentarar frå Helse- og Omsorgsdepartementet fredag.

Fredag kveld ringer pressevakta med følgjande uttale fra helseminister Bent Høie:

- Om ordførarane ønskjer at møtet med meg skal vere ope, så skal dei få det slik.

Pressevakta presiserar seinare at på dei andre plassane helseministeren har presentert Nasjonal helse- og sykehusplan, har ein hatt lukka møte med lokale politikarar.

- Dette har det ikkje vore klaga på, og det er heller ikkje slik at det har vore eit krav fra Høie, seier seniorrådgjevar Alexandra Reksten Tufteland i Helse- og omsorgsdepartementet til smp.no.