Det var venta stort engasjement kring besøket til helse- og omsorgsminister Bent Høie i Volda tysdag. Gata forbi rådhuset, Stormyra, blei stengt i samband med besøket i perioda frå klokka ni til elleve, opplyser kommunen.

Allereie i god tid før statsråden kom til Volda, samla det seg ei stor folkemengde ved rådhuset i Volda.

Bildeserie: Ministerbesøket i bilde

Les også: Fastlegar slår ring om akutten i Volda

Ei av dei som hadde møtt opp var aksjonsleiar Synnøve Rekkedal Hill:

– Vi vil fortelje han at han må lytte til fagfolka ved Volda sjukehus. Han må lytte til folket. Og må gå tilbake til sin jobb og tenke over den helseplanen: Er det verkeleg det som er best? Det vi seier på banneret er: «Det er ingen skam å snu». Det går an å revurdere. No får han veldig mange gode argument for at akuttkirurgien ved Volda ikkje skal sentraliserast, seier ho til smp.no.

(meir å lese under bilde)

Tende fyrste fakkel Neringa Petkute tok buss frå Ulsteinvik saman med sonen på fem månader for å demonstrere mot framleggget til sjukehusplan. Foto: Knut Arne Aarset

Statsråden vart invitert (sjå invitasjonen i ekstern lenke) av ordførarane Jørgen Amdam i Volda og Stein Aam i Ørsta fordi dei ønskja å informere om sjukehuset på Søre Sunnmøre.

Statsråden svara på fleire spørsmål frå dei frammøtte då han kom til Volda sentrum. Høie fekk tøffe spørsmål frå sjukehusaksjonistar både frå Volda og Nordfjordeid om helikopterberedskap, akuttkirurgi og sentralisering.

Gjør som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook

Høie har fleire gonger påpeika at ingenting er vedteke, og at dei lokale helseforetaka skal høyrast i saka. Høie sa også til dei frammøtte tysdag at det var viktig med lokale prosessar, og at både kommunar og helseføretak skal høyrast.

– Viktig at folk får svar

– Det er veldig flott å sjå det engasjementet som er. Det viser at sjukehuset betyr mykje for folk.

– Påverkar det deg på noko vis at så mange møter opp og er så sinte som dei er?

– Engasjement betyr at mange folk har mange spørsmål og det er nettopp viktig at folk får svar på dei spørsmåla i den lokale prosessen som skal skje, svarar Høie.

Bakgrunnen før besøket er i første rekkje at Høie i den nasjonale sjukehusplanen som blei lagt fram tidlegare i haust, mellom anna har opna for at akuttkirurgien ved Volda sjukehus blir fjerna.

Også fleire ordførarar frå distriktet møtar helseministeren ved Volda rådhus frå klokka halv ti. Etterpå skal Høie møte tilsette ved sjukehuset på eit allmøte.

(meir å lese under bilde)

Møtast her Statsråd Høie skal møte ordførarane om sjukehuset ved rådhuset i Volda. Foto: Knut Arne Aarset

I invitasjonen til statsråden heiter det mellom anna:

«Vi ønskjer å informere om det velfungerande sjukehuset vi har i Volda og som vi meinar er uheldig handsama i sjukehusplanen på grunn av fylkes- og føretaksgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»

«Vi ønskjer å skipe til eit seminar for sentrale politikarar og tilsette på Søre Sunnmøre og Nordfjord for å få best mogleg innsikt i kommunane si framtidige rolle i helsearbeid, spesielt på grunn av prosessane med kommunereforma.»

Les invitasjonen til helseministar Høie frå ordførarane i Volda og Ørsta (ekstern lenke)