For to dagar sidan var det ingen som hadde sett føre seg Per Sandberg som fiskeriminister. Heller ikkje styreleiaren i Fiskebåt Vest, Paul Harald Leinebø.

- Ja, dette var overraskande, vedgår Leinebø, som er litt usikker på kva han synest om at Frp sin «gladgut» no har fått ansvaret for fiskeripolitikken.

Sandberg: – Jeg skal gjøre mitt beste

- Vi i fiskerinæringa likar friske typer. Han er ein blåsar, men det har vi massevis av i fiskeri. Og dei er ofte dei beste folka, seier Leinebø.

Samstundes er han usikker på kva Sandberg står for i fiskeripolitikken.

- Regjeringa har sagt at det skal satsats på fiskeri og sjømat, og at det er vi som skal overta for oljen som framtidsnæring. Eg  er spent på korleis det vert å ha Sandberg som frontfigur, men vi ønskjer han sjølvsagt velkomen, og vi vil innby til eit godt samarbeid, seier Leinebø.

Det er første gong  frisleppspartiet Frp får ein fiskeriminister. Leinebø trur ikkje det betyr det same som fritt fiske.

- Då er det nok lettare å tenkje seg at han vil jobbe for liberalisering når det gjeld spørsmålet om kor mange kvotar vi kan ha på kvar båt, seier Leinebø.

Les også: Erna stokker om regjeringen

Men han håper at det ikkje blir altfor store endringar.

- Vi i næringa ønskjer først og fremst stabile og langsiktige rammevilkår. Difor har vi jobba for å få brei politisk oppslutnad om viktige vedtak. No har det mest ytterleggåande partiet fått fiskeriministeren, seier Paul Harald Leinebø.