Den siste tida har det vorte knust rute på rute ved tidlegare Herøy hotell i Fosnavåg.

14 ruter

- Det starta for vel ein månad sidan, då planane om asylmottaket vart kjend, og eg er ikkje i tvil om at det er dette som har utløyst ruteknusinga, seier huseigar Oddmund Kvalsvik, til Smp.no.

- Tre helger på rad vart det knuse to ruter kvar helg. Så var det eit lite opphald, men no er det i gang att, fortel Kvalsvik. Ifølgje eigaren har politiet oppretta sak.

Les også: Akuttmottak i Herøy: – Vi har ikkje noko val

Les også: Planlegg asylmottak i Fosnavåg

Det er planar om å etablere eit mottak for mindreårige asylsøkjarar i det tidlegare hotellet: Medan søknadane blir vurdert skal det mellombels kunne bu inntil 29 asylsøkjarar der.

Intensjonsavtale om kjøp

- Det er inngått intensjonsavtale om kjøp av hotellet. Denne trer i kraft over nyttår, og dei som skal kjøpe det er alt i gang med å setje i stand hotellet, fortel Kvalsvik.

- Dersom folk har tips kom kven som står bak ruteknusinga, vil vi gjerne høyre om det. Truleg er det same folka som står bak det heile, seier han.