– Dette kom heilt uventa på oss, og eg fattar eigentleg ikkje kvar dei har fått fotografia frå, heller. Eg kan iallfall ikkje hugse å ha sett dei før.
Det seier Edvard Moser til Sunnmørsposten. Han og kona May-Britt tok imot Nobelprisen i medisin i 2014.
Sunnmøringar
Paret kjem opphavleg frå Sunnmøre, han frå Hareid – ho frå Fosnavåg. No bur og arbeider dei i Trondheim.
Edvard Moser er også temmeleg overraska over kva for land som har heidra dei med frimerke, nemleg Maldivane, ein øystat i Det indiske havet, Sao Tome & Principe, ein annan øystat i Guineabukta utanfor Afrika – samt dei to afrikanske landa Togo og Mali.
Per Brønstad, leiar i Norvegiana-klubben i Norge, foreininga for samlarar av utanlandske frimerke med norske motiv, seier at Moser-ekteparet har grunn til å vere stolte.
– Vanlegvis er det slike som Nansen og Amundsen som prydar frimerke i utlandet, samt norske idrettsutøvarar – og norske skip. Og så var jo dette i tillegg litt spesielle land, seier Brønstad.
Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook
Ventar fleire
Han trur dessutan at fleire land vil følgje etter og heidre Moser-paret.
– Burde også Norge ha æra paret med frimerke?
– Ja, det synest eg. Men det skjer iallfall ikkje i 2016. For det programmet er allereie lagt.
Det synest Edvard Moser er like greitt:
– Det har eigentleg vore nok styr rundt denne prisen, seier han.
Mali har iallfall tilgodesett paret med eitt frimerke kvar, medan Sao Tome & Principe har samla paret på eitt merke. Derimot har Maldivane berre plassert Edvard på frimerke, medan Togo har satsa på May-Britt.
Spøker
Norsk Filatelistisk Tidsskrift, som også har omtala desse frimerka, spekulerer spøkefullt i at Togo syntest May-Britt var den mest fotogene, medan Maldivane kanskje trudde ho berre var sekretær for Edvard.
Tidsskriftet meiner iallfall det var ei merkeleg avgjer å berre trykke bilete av ein, når det er to som har teke imot prisen.
– Det gjekk no begge vegar denne gongen, seier Edvard Moser og ler.
Moser-paret har iallfall ikkje planar om å gjere noko spesielt for å få laga seg eit eige album med frimerke der dei sjølv er hovudmotivet.
– Eg har ikkje tenkt å skaffe meg desse frimerka, men det kan kanskje hende at nokon nyttar dei på eit brev til oss, legg Edvard Moser til.