<strong>FERJE:</strong> Krisa i Nordsjøen er ein viktig årsak til at folk no kjempar om jobbane i ferjeselskapa på Vestlandet, og søknadsbunkane er høgare enn nokon gong. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET

FERJE: Krisa i Nordsjøen er ein viktig årsak til at folk no kjempar om jobbane i ferjeselskapa på Vestlandet, og søknadsbunkane er høgare enn nokon gong. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET

Står i kø for å få jobbe på ferja

Ledige offshorearbeidarar kjempar om jobbane i ferjeselskapa. Søkjarbunkane har knapt vore høgare.

– Vi får telefonar dagleg frå folk som lurer på om vi har ledige jobbar, seier HR-rådgjevar Linda Husebø i Norled.

– Tidlegare så sleit vi til dømes med å få søkjarar til ledige maskinsjefstillingar. Det hende det ikkje var ein einaste søkjar. Nyleg fekk vi 25 søkjarar til ei ledig maskinsjefstilling på Sunnmøre, fortel HR-leiar Cicilie Færestrand i Fjord 1.

Overstyrmann

Og ho har fleire døme på kor stor interessa er no for ledige jobbar i ferjeselskapet:

– Vi hadde nyleg ei ledig stilling som overstyrmann på strekninga Stranda-Liabygda. Det kom inn 55 søknader. Og på ei tilsvarande stilling på strekninga Festøya–Solevåg var det endå fleire, heile 77 søkjarar.

Men også til matrosstillingar er det kamp om jobbane. Då Fjord 1 lyste ledig ei stilling som matros i Sogn, var det 73 som melde sin interesse. Også Norled opplever det same:

– Vi lyste ut ei stilling som matrosvikar. Det betyr at vi ikkje kunne gje lovnad om fast jobb, berre vikariat. Likevel var det heile 51 søkjarar, fortel Linda Husebø.

Ho legg til at enda fleire ville bli skipper hos Norled. Den siste skipperjobben dei lyste ut fekk 63 søkjarar.

– På ei tilsvarande stilling for eit par år sidan kom det berre åtte søknader, seier Husebø.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ungdom

Ho legg til at det spesielle no er at det er mange unge søkjarar. Slik var det ikkje før.

– Då ville dei unge ut i Nordsjøen. No søkjer dei seg til ferjene.

Det same kan Cicilie Færestrand i Fjord1 fortelje:

<strong>MATROSAR:</strong> Angel Olav Røren og Tone Blindheim er glade for at dei har faste jobbar hos Fjord1. Her om bord på BF «Storfjord». FOTO: TERJE ENGÅS

MATROSAR: Angel Olav Røren og Tone Blindheim er glade for at dei har faste jobbar hos Fjord1. Her om bord på BF «Storfjord». FOTO: TERJE ENGÅS

– Det har nok noko med at vi kan tilby sikre arbeidsplassar. Ferjene har ikkje andre konkurrentar enn bruer og undersjøiske tunnelar. Og dei kjem no ikkje over natta, seier ho.

Færestrand trur også at krisa i offshore berre er ein del av forklaringa på at Fjord1 har fått fleire søkjarar den siste tida:

– Det skuldast nok også at vi har gjort eit godt arbeid for å fortelje om oss sjølve, gjennom besøk på skular og messer. Det kan kanskje høyrest litt traust og kjedeleg ut å berre gå frå A til B kvar dag. Men fleire og fleire har fått auga opp for at det er fleire utfordringar enn som så, seier Cicilie Færestrand.

To som er glade for å jobbe i Fjord1 er matrosane Tone Blindheim og Angel Olav Røren, som vi møter om bord på BF «Storfjord» på strekninga Festøya–Solavågen.

Dei to har jobba i selskapet lenge. Ho frå 2001, han frå 2006.

– Eg var tidlegare fiskar og vart oppmoda om å søke jobb i Nordsjøen. I dag er eg glad for at eg ikkje gjorde det, seier Angel Olav Røren.

Begge trivst godt på ferje, og seier at arbeidsmiljøet om bord er særs godt.

Les flere nyheiter her

Mer å lese på smp.no:

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

– Før sleit vi til dømes med å få søkjarar til ledige maskinsjef- stillingar

Cicilie Færestrand
Fakta:
  • Midt i desembr var det 80.800 personar registrert som heilt ledige i Norge. Det er 9.100 fleire enn for eitt år sidan.
  • Oljefylket Rogaland har no flest ledige. Her auka talet på ledige med 82 prosent samanlikna med desember i fjord, medan det er 36 prosent fleire ledige i Møre og Romsdal.
  • Sogn og Fjordane har færrast ledige, to prosent.
Leses nå:

Forsiden nå:

Lions har tatt julejobben i 20 år:

Lysløvene som pynter byen til jul

26 medlemmer i Lions Club Ålesund-Borgund sørger for at gater og plasser i Ålesund sentrum pyntes til jul.

Sunnmørspostens hederspris:

Hvem fortjener årets hederspris?

Gi din stemme her.