Søndag oppretta politiet sak etter at dei stoppa ein minibuss med passasjerar. Bussen kom frå Vigra, og politiet hadde fått tips om at minibussen fungerte som pirattaxi. På sida på minibussen står det også «Ålesund Airport Transfers».

Sjåføren har ikkje taxiløyve eller turvognløyve, men seier til Sunnmørsposten at han ikkje tar betalt for turane.

– Det er ikkje sant at eg køyrer ulovleg. Eg tar ikkje pengar frå passasjerane, seier den polske mannen. Han fortel at til dagleg jobbar ved eit skipsverft på søre Sunnmøre.

Fortel at han køyrde vener

Han meiner at det var ein taxisjåfør på Vigra som tipsa politiet. Sjåføren har ei forklaring på det heile.

– Det var vener av meg som spurde om eg kunne hente dei. «Du har stor bil, kan du kome og hente oss,» spurde dei.

– Kor mange gonger har du henta folk på Vigra?

– Tre gonger, fortel han.

Ventar på drosjeløyve

At det står Ålesund Airport Transfers på sida har han ei forklaring på.

– Eg har søkt om løyve. Eg kjøpte bussen og oppretta firmaet i oktober. I juleferien då eg var i Polen, fekk eg skrive teksten på bilen fordi det er billegare å få gjort det der. Eg har alle andre papir i orden men ventar på løyve, forklarer mannen.

Som alternativ til drosjeløyve er det også muleg å søke om turvognløyve for den som ønskjer å drive persontransport.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.