Medan Ulstein har flagga "Ytre Søre Sunnmøre" som ny regionkommune har Hareid-ordførar Anders Riise ikkje sagt noko om kven Hareid eventuelt vil slå seg saman med.

Men eit framlegg smp.no har fått tilgang til, viser innstillinga til Hareid formannskap.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Forslaget fra prosjektgruppa går ut på at "Hareid kommunestyre gjev forhandlingsutvalet mynde til å forhandle fram ein

intensjonsavtale mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven om å danne ein ny kommune."

Dersom forhandlingane ikkje fører fram, gjev Hareid kommunestyre forhandlingsutvalet mynde til å forhandle fram ein intensjonsavtale basert på Regionkommune Sunnmøre-alternativet. (Sjå faktaboks)

Folkerøysting

I skrivet heiter det vidare: "Dersom ein kjem til semje om intensjonsavtale om nokon av alternativa, vil Hareid kommunestyre gjennomføre folkerøysting."

- Innbyggarundersøkingane syner at det er eit stort fleirtal for at Hareid og Ulstein bør slå seg saman, seier ordførar Anders Riise i si vurdering.

Prosjektgruppa for kommunereforma i Hareid er av den oppfatning, at av dei to alternativa som er greidde ut, står Ytre Søre Sunnmøre fram som det alternativet det er sterkast grunnlag for å forhandle om.

- Målet med forhandlingane vil vere ein intensjonsavtale om å danne ein ny kommune bygd på 3 eller fleire av dei fem kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Prosjektgruppa ser at det i denne omgangen er mindre aktuelt for Hareid å forhandle om Regionkommune Sunnmøre-alternativet, ikkje minst på grunn av det innbyggarundersøkingane har synt. Likevel kan Regionkommune Sunnmøre alternativert verte aktuelt dersom forhandlingane med Ytre Søre Sunnmøre strandar, skriv Riise.

Framlegget skal behandlast i Hareid formannskap måndag 18.januar.