Sunnmørsposten skreiv på søndag at heile 60 prosent av ungdomsskuleelevane på Sunnmøre og Nordvestlandet har mobilforbod heile skuledagen.

Så mange skoler forbyr mobil - også i friminuttene

Ungdomspolitikarane i fylket meiner slike forbod er ekstreme, og at skulane heller burde legge til rette for å bruke mobiltelefonane i undervisninga på ein konstruktiv måte.

Nestleiar i Møre og Romsdal Unge Venstre Håvard Urkedal meiner vi burde jobbe med teknologien - ikkje mot den. Skal vi greie det må mobiltelefonane inkluderast i læringa.

– Teknologien utviklar raskt, og vi vil berre få meir og meir tilgong til kvarandre. Det er slett ingen negativ ting. Vi burde jobbe med teknologien – ikkje mot den. Det å finne ein måte å bruke telefonane på vil sjølvsagt krevje meir av både lærarar og elevar, men det er viktig at ein behersker dei nye moglegheitene som kjem med teknologien – også i skulen, seier Håvard Urkedal.

Ei øving i disiplin

– I Unge Venstre er vi opptekne av at lærarar skal sjå elevane sine som enkeltindivid. Eg vil seie dei dreg alle elevar under ein kam når dei innfører eit slikt forbod. Alle elevane treng ikkje å straffast fordi nokon misbrukar telefonen sin i skuletida, seier Håvard Urkedal, nestleiar i Unge Venstre.

Unge Venstre Nestleiar Håvard Urkedal Foto: Privat

Han meiner lærarane skal kunne konfiskere enkeltelevar sine mobilar, om det er naudsamt. Det å vite når og korleis ein skal ta i bruk ein telefon i skulesamanheng, er knytt opp til disiplin, meiner Urkedal.

– Det å gjere den vurderinga sjølv kan vere ei god øving i disiplin. Dei skal trass alt blir vakse menneske. Når dei om eit par år er ute i arbeidslivet, vil dei møte same problem - men då har dei ingen som bestemmer over dei på same måten. Eg trur ikkje det er mange arbeidsgivarar som konfiskerar telefonane til sine tilsette, seier han.

– Skulane må gå i seg sjølv

Sunniva Bøstrand, fylkesleiar i Unge Høyre tenkjer det er ekstremt å inndra mobilane. Ho meiner at eit slikt forbod blir ei altfor enkel løysing - dei burde angripe problemet på andre måtar.

Unge Høgre Fylkesleiar Sunniva Bøstrand Foto: Veronica Hjelseth

– Viss skulen ønskjer at elevane skal vere meir sosiale bør dei heller sette inn tiltak for det, i staden for å forby ting dei ikkje likar. Kanskje kan dei setje inn eit bordtennisbord? foreslår Bøstrand.

Ho seier det er fleire elevar som trivst i eige selskap, og foretrekker å sitte med mobilen. Det er trass alt der store delar av livet til unge i dag foregår.

– Det er fleire skular som tillater mobilbruk, og som ikkje ser på det som eit problem. Ein kan forby mobilbruk i timane, og heller inndra dei som straff. Men å inndra dei på generell basis - då vert plutseleg skulen ansvarlig for elevane sine mobilar, då kan det oppstå uheldige situasjonar.

Ho drar fram ordninga til Spjelkavik ungdomsskule, der dei samlar inn telefonane på starten av dagen, og gir dei tilbake til langfri – ho synes det er ei meir moderat ordning. Likevel er fylkesleiaren skeptisk.

– Eg trur heller skulane må gå litt i seg sjølv.

Mobilen er her for å bli

FPU sin fylkesformann, Håkon Strand, seier han får brekninger av alle ord som inneheld forbod. Han har trua på at folk sjølv er i stand til å bestemme over sin eigen kvardag, utan at nokon overordna er nøydd til å ta kontroll og setje grenser.

FPU Fylkesformann Håkon Strand. Foto: Randi Longva

- I skuletimane er det helt greitt med eit slikt forbod - då er det opp til lærer og skulen om dei vil samle inn telefonane i timen, eller at dei skal ha dei liggande i sekken. Men det å samle og låse inn telefonane om morgonen, for så å dele dei ut igjen om ettermiddagen, det synest eg ikkje noko om, seier Håkon Strand.

Mange føler ei viss trygging av å ha telefonen i nærleiken, han synest det er negativt at telefonen har fått ei så stor rolle. Men noko som er sikkert er at mobilen er her for å bli, derfor meiner han at den heller kan brukast som eit hjelpemiddel, framfor å forsvinne heilt i skulane.

- Det blir dumt å ikkje ta i bruk den teknologien vi har til disposisjon.

I Blindheim har dei erfart at telefoner blir øydelagte under skulen sitt tilsyn – det synes han er noko ein må tenkje på.

- Her er det ungdommar som har fått eller kjøpt ein telefon til fleire tusen kroner - så skal den bli øydelagt fordi nokon har innført eit tåpeleg system. Så lenge ein ikkje har noko forsking som viser at telefon gir eit dårlig resultat, så synest eg ikkje det er noko grunn til å fjerne dei, avsluttar Strand.

Ungdommen er avhengig

Sondre Stette i Raud Ungdom ser på mobilforbod som eit brot på elevane sin fridom.

- Det å forby mobilar i skuletida har sine fordelar - ungdommane konsentrerer seg betre, er meir aktive og er meir sosiale med kvarandre. Men unge i dag har eit anna forhold til mobilbruk enn det dei vaksne som innfører desse forboda har.

Raud Ungdom Sondre Stette Foto: Jakob Brandal Østringen

Han meiner mobilbruken i skulen burde tilretteleggast – det blir vanskeleg å kvitte seg heilt med den.

– Ungdommen er avhengig. Det er ikkje berre ein telefon som blir teken frå dei, meiner eg. Greier dei å bruke den på rett måte, synest eg mobilane burde inkluderast i læringa. Der er mange moglegheiter, ein må berre finne det som passar alle, seier Stette.

Fleire av skulane som innfører mobilforbod seier det er for å betre det sosiale mellom elevane. Stette meiner ein ikkje kan tvinge elevane til å vere sosiale med kvarandre. I timane er det greitt å ha eit forbod, men i friminutta må elevane få bestemme sjølv kva dei skal bruke tida si på.

– Ein telefon er ein privat eigendel, som på lik linje med andre gjenstandar, kan føre til bråk i timen. Men eg trur ikkje det å konfiskere den vil gjere ein stor forskjell. Dei som forstyrrar vil finne andre måtar å forstyrre på, med eller utan ein telefon i handa, avsluttar Sondre Stette i Raud Ungdom.