– Eg er ikkje blitt omvendt etter denne samlinga her i Loen. Eg er framleis like imot ei samanslåing, seier Ap-politikar Jostein O. Mo.

Han meiner Ørsta fungerer godt, og er store nok til å klare seg sjølv.Fride Sortehaug, Venstre-politikar i Volda, forstår ikkje motstanden mot å fjerne kommunegrensa mellom Volda og Ørsta.

– Eg bur i Volda, og driv butikk i Ørsta. Difor kryssar eg kvar dag kommunegrensa, utan at eg merkar det eller tenkjer over det.

Grense

Ho seier at lenge etter at ho kom flyttande frå Skodje var ho ikkje ein gong sikker på kvar kommunegrensa gjekk.

– Eg kan heller ikkje forstå striden om kvar eit rådhus skal liggje. Eg hadde ikkje vore på rådhuset i Volda ein einaste gong før eg vart folkevald. Ho er samd med Jostein O. Mo i at dei to kommunane er store og sterke nok i dag, men legg til at kommunereforma er eit framtidsprosjekt.

– Dessutan er vi allereie ein region i dag, der kommunegrensa eit unaturleg og unødvendig skilje, meiner Sortehaug. Jostein O. Mo er på si side oppteken av den demokratiske sida av reforma:

– I kommunestyret til ein ny storkommune vil mange bygder og miljø stå heilt utan politisk representasjon. Det blir snakka om å opprette grendautval, men det vil berre bli eit nytt forvaltningsnivå, meiner Mo.

Hornindal og Stryn følgjer spent med på kva som skjer mellom Volda og Ørsta. Dei må framleis vente:

– Først bør vi avklare vårt forhold til Ørsta, så får vi eventuelt sjå mot aust. Men det er iallfall sikkert at Hornindal treng nokon å slå seg saman med, seier Fride Sortehaug i Volda.

Du bestemmer

19. mai skal alle frå 16 år og oppover i Volda og Ørsta få høve til å seie si meining om ei samanslåing mellom dei to kommunane.

– Eg skal innrette meg etter folkemeininga, lovar Stein Aam, Ørsta-ordførar og motstandar av samanslåing. Så sjølv om kommunestyra i dei to kommunane i to dagar har vore samla i Loen, så er det til sist innbyggarane som skal avgjere spørsmålet, rett nok ved ei rådgjevande folkerøysting.

– Vi må likevel setje ei grense for kor låg oppslutnaden kan vere for at vi skal kunne leggje vekt på avrøystinga, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap).

– Og namnet på kommunen?

– Det er lett: Ørsta Volda kommune, svarer Stein Aam (Sp).

Jostein O. Mo (Ap) frå Ørsta og Fride Sortehaug (V) frå Volda har ulikt syn på ei kommunesamanslåing. Mo seier nei, Sortehaug seier ja. Foto: Terje Engås