Det føreslår rådmann Åse Elin Hole i Stranda. Ho legg til at dersom ein ikkje når fram med ein avtale om samanslåing med Norddal, bør Stranda gå inn i samtalar med Sykkylven.

Samstundes rår ho politikarane i Stranda om å vrake tanken på å la Stranda halde fram som eigen kommune.

Ho skriv i si tilråding at dersom ein vel å stå åleine vil Stranda over tid bli svært sårbar med omsyn til økonomiske overføringar, men også med omsyn til tenesteproduksjonen.

Stranda kan då kome til å tape inntil fem millionar kroner i årlege, statlege overføringar.

Om Stranda og Norddal går saman får dei eit eingongsbeløp på 20 millionar, alliansen Stranda/Sykkylven får 25 mill.