– Dette er viktigste saka eg har hatt på mitt bord i mine 12 år som politikar. Det sa Eldar Høidal frå SV, og støtta fleirtalet på 19 i kommunestyret i Sykkylven som no går inn i parallelle forhandlingar med både regionkommuneprosjektet på Sunnmøre, og med Stranda.

Vedtaket vart fatta måndag kveld, mot dei ti røystene til Sp og Ap, som ville at Sykkylven framleis skal vere eigen kommune.

Lite engasjement

Men sjølv om Eldar Høidal ser på saka om ny kommunereform som den viktigaste saka på mange, mange år, så såg han ikkje noko stort engasjement ute hos innbyggarane i Sykkylven.

­– Kanskje fordi dette er ein reform som blir tredd nedover hovuda på oss, og fordi sykkylvingar flest er nøgde med dagens kommunegrenser, undra Høidal – som også syntes det gjekk vel fort i svingane no med særs korte tidsfristar.

­ Mitt hjarte bankar litt for Stranda, kjenner eg. Og kanskje kan vi få med Norddal etter kvart, også, la Eldar Høidal til.

Samd Ordførar Petter Lyshol (til venstre) og Odd Harald Ulstein vil begge at Sykkylven vert del av ein større kommune i framtida. Foto: Terje Engås

Ville ha indrekommune

Petter Lyshol (H) synes det blir litt snevert berre å gå saman med Stranda, og det er heller ikkje sikkert at Stranda vil ha Sykkylven, la han til.

Lyshol ville difor blåse liv i den opprinnelege tanken om ein stor indrekommune:

­ ­– Hadde vi fått med Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog hadde vi blitt ein kommune på ca. 20.000 innbyggarar. Det hadde vore det idelle og skapt ein robust kommune, meinte Lyshol og oppmoda ordføraren om å få desse kommunane i tale igjen.

Samstundes meinte Lyshol at Sykkylven, som eit alternativ, må vende blikket utover mot Ålesund.

Bakgrunn: Stranda ser mot NorddalIkkje lett å overtale ørstinganeTo alternativ for Sula

Såg mot Ålesund

Det meinte også Olav Harald Ulstein frå Frp, som sa at no må ein tenkje stort, tenkje på ungdommen - og vere framtidsretta.

– Eg trur det er viktig å få til eit solid tyngdepunkt mellom Bergen og Trondheim, sa Ulstein - og meinte at Sykkylven må gå saman med Ålesund om å skape dette tyngdepunktet.

–  Det er også viktig å få med flest mogleg av randkommunane i ei slik samanslåing, slik at vi vert ei motvekt til Ålesund i viktige saker, la Ulstein til.

Motstand

Motstanden mot heile reforma fann ein klårast i Ap og Sp.

­ –  Sykkylven er stor nok til å klare seg godt åleine i mange år framover, meinte ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp). Han peikte på at tidlegare i møtet hadde dei behandla framtida til Blakstad barnehage.

– Hadde den saka vore oppe i ein storkommune, så hadde ålesundarane spurd: «Hvor er Blakstad?»

Han åtvara også mot at eigedomsskatten kjem til å auke dersom Sykkylven går saman med nabokommunane.

– Det heile handlar eigentleg om vi ønsker sjølv å halde handa på rattet, eller ikkje, sa Drotninghaug.

Fryktar for lokaldemokratiet

Han fann ein meiningsfelle i Hans Petter Sørensen frå Ap som frykta for lokaldemokratiet sine levevilkår i ein storkommune:

– I dag er det kort veg frå veljar til den valde. Slik vil det ikkje bli i ein storkommune, frykta Sørensen – og hevda at det var erfaringane frå kommunereforma i Danmark.

Men fleirtalet i Sykkylven kommunestyre vedtok altså å starte forhandlingar i to retningar.

Næraste nabo er Stranda, som fleire i Sykkylven gjerne vil vere saman med.

–  Vi er nødt til å starte forhandlinga i begge retningar. Men uansett kva vi kjem fram til, så håpar eg at vi er saman med Stranda, sa Jarle Strømmegjerde frå Høgre.