– Vi er spent på orkanen, men vi har hatt stormar før, så eg reknar med at det går bra denne gongen også, seier kaptein Lars Røsvik frå Vigra.

Sju båtar

Sju Farstad-skip ligg i opplag på nordvestsida av Humla i Ålesund for tida.

Om bord er eit mannskap på ni, som driv vedlikehald og ser etter alle dei sju båtane.

Kan starteopp

Elektrikar Dag Sunde frå Sula er ein av dei som er om bord og som følgjer nøye med situasjonen.

– Det er tøffare å vere om bord når vi er festa. Båtane blir starta opp, viss det blir for gale, fortel Sunde.

Flyttar nordsjøarbeidarar

Varselet om orkan og høge bølgjer gjer at Statoil må flytte rundt 250 arbeidarar til andre plattformer i Nordsjøen. Samstundes kansellerast alle avgangar med helikopter.

– Vi er midt i program for å oppgradere livbåtane på nokre av plattformene våre og har difor begrensa kapasitet i den varsla bølgehøgda som er meldt. Vi gjer difor nokre tilpasningar i Nordsjøen no, seier mediekontakt Morten Eek i Statoil til NTB.

På plattformen Snorre B reduserast bemanninga frå 109 til 44 personar. 65 personar flyttast over til andre plattformer.

Det same gjeld plattformene Statfjord A, B og C, der mellom 150 og 200 personar flyttast over til nærliggjande plattformer.

Alle flygingar ut til Nordsjøen fredag kansellerast også. Det er snakk om 16 flygingar og rammer i overkant av 200 personar.

Det er venta at ekstremveret Tor når norskekysten fredag ettermiddag. Til trass for det varsla ekstremveret vil uveret førebels ikkje påvirke produksjonen på norsk sokkel.

– Vi held oppe minimumsbemanninga og har førebels ikkje stengt ned nokon av brønnane. Vi utset vedlikehaldsarbeid og andre ting som ikkje må gjerast dei neste dagane, seier Eek til NTB.

– Status er lik

Vakthavande statsmeteorolog Steinar Skare fortel til smp.no torsdag kveld at status ikkje er forandra for Møre og Romsdal.

Torsdag kveld justerte meteorologane ned varslinga for Rogaland. Det er no venta å bli mellom liten og full storm i Rogaland.

– Vi held oppe ekstremvarslinga for Møre og Romsdal, seier Skare.

Frå seint fredag ettermiddag til tidleg natt til laurdag er det venta sørvest sterk storm på kysten opp i orkan. Vindkasta kan bli på 35-50 m/s inn over land.

– Vinden vil gå mykje langs kysten, men det er så kraftig at det kjem kraftige kast inn over land. Det hadde vore verre om det var vest og nordvest, men det blir mykje vind, ja, seier Skare.