- Vi har eit stort straumbrot i Sande kommune som rammer kundar mellom Gurskebotn og heilt ut til Åheim. Det er snakk om fleire tusen kundar, seier beredskapsleiar Peter Kirkebø i Mørenett til smp.no.

Hold deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Mørenett melder at fleire kundar sør for Voldsfjorden, i Bjørkedal og Straumshamn og har mista straumen.

- På grunn av den sterke vinden er det ikkje forsvarleg å sende ut servicepersonell akkurat no, så vi overvakar situasjonen heile tida, seier Kirkebø.

Seinere melder Mørenet at heile Vanylven kommune er utan straum.

- Området strekker seg heilt til Bjørkedalen og Høydal i Volda kommune. Blir ute 2-3 timar til, melder Mørenett.

I Ørsta kommune er strekninga Festøy - Standal - Trandal utan straum.

Smp.no får også meldinger om straumstans i Geiranger og Hornindal.

Mørenett stadfestar straumbrot på strekninga Hjelle-Eidsdal-Indreeide-Geiranger.

- Ukjent rettetid.

Smp.no har også fått tips om straumstans i Fiksdal og på Vatne.

23.00: Oppdatert informasjon fra Mørenett:

Kl. 23.00 er følgjande områder utan straum:Strekninga Festøy-Standal-Trandal. Sandsøya, Kvamsøya og strekninga Fiskå-Krokvik-Åram. Straumshamn-Folkestad Ytterst på Sulesund Hjelle-Eidsdal-Geiranger

Det er også meldt om straumbrot på strekninga Volda-Egset-Mork-Alida i Volda kommune, strekninga Hustadvika - Øye - Urke i Volda kommune, og Hareidsdalen.