Møre og Romsdal har fått 644 fleire arbeidsledige frå desember til januar.
- Trass i dette så er det marginalt betre enn det vi trudde, melder NAV i ei pressemelding.
Sjå tal frå kvar kommune nederst i artikkelen.
Utflating siste månadene
I januar 2016 er det 4.720 personar heilt utan arbeid i fylket. Det svarar til 3,4 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 33,1 prosent frå same månad i fjor.
Ser vi på dei sesongjusterte tala så syner den at vi har hatt ei utflating av arbeidsløysa i Møre og Romsdal dei siste to månadane.
– Sjølv om dette er ei utvikling som er noko betre enn venta for fylket sett under eitt er den faktiske arbeidsløysa no i januar den høgaste på over 10 år, heiter det i pressemeldinga.
– Nordmøre, og Kristiansund særleg, har ein markant auke i arbeidsløysa og er no på 3,7 prosent og 5,2 prosent, seier fylkesdirektør Stein Veland.
13 prosent auke i landet
Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,2 prosent for menn.
I januar er 670 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak. Dette er 169 fleire enn i januar i fjor. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5.390 personar i fylke.
I landet er det 93 284 heilt ledige. Dette er 3,4 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 13,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Sogn og Fjordane
Ved utgangen av januar er 1416 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 156 personar frå januar i fjor.
– Auken er ikkje større enn vi hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.
Dette gir seg størst utslag i kommunane Flora, Høyanger, Hyllestad og Førde, som til saman har ein auke på 174 ledige.
Færre ledige i Vågsøy
Ni kommunar har reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen i desse kommunane skuldast færre permitterte i fiskeindustrien.
Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund med 1,0 prosent, og Gaular og Hornindal, begge med 2,4 prosent.
Tal for kvar kommune
Talet på helt ledige i januar 2016 (i parantes står prosent av arbeidsstokken, så kjem endring siste månad og deretter endring siste året):
Ålesund 878 (3,5 %) +127 (+150 siste året)
Vanylven 48 (3,0 %) +7 (+15 siste året)
Sande 52 (3,7 %) +11 (+20 siste året)
Herøy 213 (4,6 % +14 (+91 siste året)
Ulstein 192 (4,3 %) -2 (+103 siste året)
Hareid 136 (5,0 %) +4 (+42 siste året)
Volda 130 (2,9 %) +17 (+37 siste året)
Ørsta 182 (3,3 %) +50 (+45 siste året)
Ørskog 45 (3,6 %) +7 (+9 siste året)
Norddal 21 (2,4 %) +1 (+7 siste året)
Stranda 69 (2,8 %) +14 (+10 siste året)
Stordal 17 (3,3 %) +3 (-2 siste året)
Sykkylven 76 (1,8 %) +15 (-24 siste året)
Skodje 70 (2,9 %) +6 (+12 siste året)
Sula 126 (2,7 % prosent )+22 (+28 siste året)
Giske 123 (3,0 %) (+16) (+50 siste året)
Haram 181 (3,8 %) +12 (+99 siste året)
Vestnes 110 (3,1 %) -18 (+ 32 siste året)
Midsund 29 (2,8 %) +7 (+1 siste året)
Sandøy 9 (1,3 %) -2 (-5 siste året)
Vågsøy 100 (3,30 %) -27 siste året
Selje 40 (2,80 %) +2 siste året
Eid 59 (1,90 % ) +11 siste året
Hornindal 8 (1,20 %) -3 siste året
Stryn 113 (3,00 %) -19 siste året