Cherry Li var mellom fem bebuarar på Myklebust i Herøy som måtte forlate heimen då orkanen «Tor» slo til med kjempekreftene sine fredag kveld.

Taket på firemannsbustaden blei reve laus i den kraftige vinden.

Li fortel at ho satt og såg på tv då det brått kom eit veldig rykk i huset. Deretter såg ho delar av taket på utsida av vindauget.

– Eg blei veldig redd, og visste ikkje kva eg skulle gjere, seier ho til smp.no dagen etter den skremmande opplevinga.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Laurdag har ho vore rundt huset og kika, men bebuarane får ikkje lov til å flytte tilbake enno. To seksjonar av rekkehusa fekk skader, og Lie fortel at ho oppdaga ein lekkasje frå loftet i sin eigen bustad.

Opprydding Dagen derpå og opprydding for Dagfinn Nilsen og andre bebuarar på Myklebust laurdag. Foto: Svein Aam

Naboen til Li er ein familie på tre, som no skulle bu på hotell. Ein annan nabo, Dagfinn Nilsen, fortel korleis han opplevde hendinga.

– Det kom nokre skikkelege rykk og vinden var omtrent som under Dagmar-orkanen, seier han.

Mørenett: Flere får strømmen tilbakeFekk takplater inn i stova: – Var veldig dramatiskLes også: Orkanen herjet verst i Ytre søre

Forsvann Slik såg det ut fredag kveld då taket blåste av og bebuarane måtte evakuerast. Foto: Carl Henrik Moltumyr