Taket på ein lagerbygning i Rotsetfjøra vart tatt av vinden. Takplatene gjorde skader på to hus. Verst gjekk det ut over huset til Alice Telset Tverberg og hennar familie.

– Eg sat i sofaen ,men røyste meg opp då eg haurde høge lydar. Så vart eit av vindauga knust. Hadde eg sitte i sofaen hadde det nok ikkje gått så bra, seier Alice Telset Tverberg.

Les også: Orkanen herjet verst i Ytre søreFå oversikt: Ferjene er i normal drift igjen

– Fekk fantastisk hjelp

Mannen er på sjøen, og Alice Tverberg var heime med tre ungar.

– Eg hadde flytta ungane ned frå loftet og inn på vårt soverom. Dei synest i grunnen at dette først og fremst var spennande.

– Men det gjorde ikkje du?

– Nei, dette var dramatisk. Men vi er uskadde, og vi fekk fantastisk hjelp frå naboar og brannvesenet.

Tor ødela mye - men ingen personskader er meldt

Først laurdag får ho oversikt over kor store skader som er gjort inne i huset.

– Vi hadde nettopp pussa opp, fortel Alice Helset Tverberg.

Det er også skader på eit nabohus. Her har deler av taket blese av. Det var ingen i huset fredag kveld, får Sunnmørsposten opplyst.

Sentrumstak losna

Taket losna også på ein av bygningane i Hamna-kvartalet ved Volda sentrum. Takplatene gjorde skader på bilverkstadet til Humberset Bil og Mek. Mellom anna er det store skader på ein bil.

– Det bles så hardt at eg måtte halde meg rundt eit tre, fortel Odd Johan Humberset.

Sjå video: Slik traff Tor i Volda og Ørsta