Espen Meringdal hadde akkurat kome heim i Skaret på Valderøy då orkanen starta for fullt fredag kveld.

– Det eralltid tingsom flyr vegimellom, så eg måtte jo lade kameraet, fortel han.

– Førstkom det ein container flygande. Det var spisebrakka som dei har hatt oppe ibyggefeltet. Då rakk eg ikkje filme, fortel Meringdal.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Les også: – Eg blei veldig redd

Dåcontainer nummer to også vart teken av vinden, satt han klar med kameraet.

– Så fortaket på blokka. Det gjekk bra med alle som bur her, men naboane fekk vatn inni leiligheita si, seier han.

– Detblir heilt ekstremt her når det blåser opp. Det er verste staden på Valderøy,fortel han.

Containeranekjem frå eit byggefelt, der Fokus bygg er i gong med å bygge nye blokker,fortel han.

– Dei varher jo før stormen og sikra lause gjenstandar. Men det er klart at det varingen som trudde at så store containera skulle ta laus.

Les fleire nyheiter her