Jan Ivar Nydal i Geiranger har på eige initiativ lansert ideen om at Geiranger i framtida blir ein del av Stryn kommune i staden for Stranda.

Ideen blei også lufta på eit folkemøte i Geiranger, der det skal ha vore fleirtal blant dei frammøtte for å sjå sørover til Stryn, ifølgje avisa Sunnmøringen.

Vil ha møte

Nydal har i eit brev til Stryn kommune spurt korleis kommunen stiller seg til å ta imot Geiranger.

- Stryn kommune ønskjer vidare dialog med dykk og vil gjerne ha eit snarleg møte med aktuelle aktørar for å diskutere saka vidare, skriv Stryn-ordførar Sven Flo i svaret til Jan Nydal.

Flo skriv også at Stryn kommune har fatta vedtak om å greie ut ei mogleg kommunesamanslåing av Stryn, Hornindal og Stranda.

- Stranda kommune har avvist denne utgreiinga. Det tykkjer vi er leit, skriv Flo.

Jobbar med heilårsveg

No er spørsmålet om deler av Stranda kommune kan sjå sørover, blitt aktualisert.

Ifølgje karttenesta til 1881 er det 75 kilometer frå kommunesenteret i Stryn til Geiranger, via Strynefjellet. Frå Hjelledalen i Stryn er det vel fire og ei halv mil. Frå Stranda til Geiranger er det 43 kilometer, men med to ferjer - eller om sommaren ei ferje via Hellesylt.

Men noko av den geografiske utfordringa kan bli endra med heilårsveg. For tida blir det jobba med kommunedelplan for Opplendskedal - Strynefjellet, eit prosjekt som skal gi trygg heilårsveg til Geiranger, blant anna frå Stryn.

Reisemål

Nydal er kommunestyrerepresentant i Stranda, men skriv i brevet til ordføraren i Stryn at initiativet først og fremst er skrive som privat interessent, for å sjå korleis ein kan ta vare på Geiranger sine interesser på best mogleg måte.

Dette gjeld både med tanke på næringsutvikling, tenester innan helse, omsorg og utdanning. Nydal viser også til ønsket om å oppretthalde statusen som Norges nest største cruisehamn, og internasjonalt reisemål.