Kommunestyret vedtok onsdag å starte parallelle forhandlingar med både Norddal og Sykkylven, og dessutan framleis ha som eit tredje alternativ at dei skal stå åleine.Og som om ikkje det var nok, så vedtok kommunestyret også at dei held døra open for andre friarar som måtte melde seg.

– Det er to gode grunnar til å gå saman med Norddal: Liabygda og Geiranger, sa Sp-politikar Jostein Dalen.

– Vi har mykje til felles med Sykkylven, mellom anna eit kjerneområde for hytteturisme som kan utviklast vidare. Og det er kort avstand mellom to sentrum, sa Svein Lunde frå KrF.Arild Ringdal frå Ap meinte derimot at Stranda har gode føresetnader for å klare seg åleine, utan samanslåingar.